LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d. stipendiat i jernalderarkeologi

Søknadsfrist: 30.09.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiatstilling i jernalderarkeologi

Avdeling for kulturhistorie har 29 fast tilsette (14 vitskapelege stillingar, 15 tekniske/administrative stillingar). I tillegg kjem eit varierande tal mellombels tilsette, inklusive 4 (5) stipendiatstillingar.

Avdeling for Kulturhistorie, Universitetsmuseet, Universitetet i Bergen lyser ut ei ledig stilling som ph.d.-stipendiat i jernalderarkeologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år. Det utlyste ph.d.-prosjektet skal studere samfunnsendringar i eldre jernalder i lys av mogleg endra ressursutnytting og bruk av høgfjellet i perioden, samt på kva måte dette dannar grunnlag for den intensiverte bruken av høgfjellet som finn stad i yngre jernalder og mellomalder.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillingas innhald:Ph.d.-prosjektet skal studere samfunnsendringar i eldre jernalder (500 f.Kr-600 e.Kr.) i lys av mogleg endra ressursutnytting og bruk av høgfjellet i perioden, samt på kva måte dette dannar grunnlag for den intensiverte bruken av høgfjellet som seinare finn stad i yngre jernalder og mellomalder.

Et viktig spørsmål i prosjektet vil derfor være å kartlegge på kva måte utnyttinga av disse høgfjellsressursane blir etablerte og kontrollerte. Har denne intensiverte bruken av høgfjellet ført til konfliktar mellom ulike aktørars ønske om å kontrollere de same naturressursane innafor eit avgrensa geografisk område? På kva måte kan moglege aust-vest koplingar påvisast i det arkeologiske materialet i denne perioden? Kva sosiale, politiske og økonomiske ordningar kan ha blitt etablert i denne perioden? Det vil såleis vera naturleg å sjå ressursutnyttinga i høgfjellet i samanheng med lokale busettingar i låglandet og slik også sett inn i ein større sosial, politisk og økonomisk kontekst.

Dei til ein kvar tid rådane klimatiske forholda på høgfjellet har og vore svært viktige, for både når og korleis naturressursane har kunne vorte nytta. Vår kunnskap om fortidas klima og dei konsekvensar dette fekk for utnytting av ikkje-agrare ressursar er basert på samarbeid med naturvitskapelege forskingsmiljø. Vi ser det difor som naturleg at ph.d. prosjektet også har eit tydeleg tverrvitskapeleg perspektiv.

Stipendiatstillinga som Universitetsmuseet nå lyser ut, skal resultere i ein ph.d.-avhandling om tematikken som er skissert ovafor. Søkjarar kan i sitt prosjektforslag velje kva metodar og teoretisk tilnærming ein vil nytta. Det er også forventa at relevante delar av Universitetsmuseets gjenstandssamling frå perioden skal nyttas inn i prosjektet.

Ved vurdering av søknadane blir det lagt vekt på både den vitskapelege kvaliteten i prosjektet og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande i arkeologi med eit omfang på minimum 30 studiepoeng (ECTS). Graden må vera oppnådd innan søknadsfristen er ute.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner er naudsynt.
  • Gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg på eit skandinavisk språk og engelsk er eit krav.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan eit fagområde som er relevant for ph.d.-prosjektet. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før søknadsfristen går ut.Søkjaren må kunne arbeide strukturert og sjølvstendig, og ha gode samarbeidsevner. Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er. Søkjarar vil også bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter ph.d.-programmets pkt. 2.1.

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 prosent av tida er pliktarbeid. Pliktarbeid vil bli lagt til jernaldersamlinga ved museet, og vil omfatte til dømes revisjonar, databasearbeid, katalogisering og anna ordning av kjeldematerialet. Noko formidlingsarbeid kan og bli aktuelt. Ein del av pliktarbeidet vil bli relatert til forskingsgruppa COASTARK som blir koordinert frå Universitetsmuseet. Deltaking på relevante utgravingsprosjekt ved avdelinga kan og vere mogleg. Dersom søkjaren tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-programmet ved Universitetet i Bergen. Stipendiaten skal gå inn i det organiserte ph.d.-utdanninga ved det Det Humanistiske fakultet (program ved institutt for AHKR), UiB, innafor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent innan tre månader etter at stipendiaten har teke til i stillinga. Hovedrettleiar vil vere vitskapeleg ansvarleg for eldre jernaldersamlinga på Universitetsmuseet, førsteamanuensis Asbjørn Engevik.

Vi tilbyr:

  • Eit spennande og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som stipendiat (kode 1017) i min. årslønn kr. 501 200 brutto i det statlege lønnsregulativet. For særskilt godt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i eit inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga bed Universitetsmuseet (maksimum 1 side)
  • Eit forslag til eit doktorgradsprosjekt (prosjektskisse) i samsvar med stillingsomtalen (maksimum 5 sider), og utkast til plan for gjennomføring og formidling av resultat
  • CV
  • PDF av masteroppgåve og andre vitskapelege publikasjonar (maksimum 5)
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskapar ved opptak til ph.d.-programmet)
  • Relevante attestar og sertifikat
  • Liste over faglege og populærvitskapelege publikasjonar og presentasjonar
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse må være hovedrettleiar frå masteroppgåve, eller tilsvarande oppgåve

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Vitskapeleg ansvarleg for jernaldersamlinga, førsteamanuensis Asbjørn Engevik, tlf +47 55 58 31 24 / +47 920 23 711. E-post: asbjorn.engevik@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Søknader sendt på e-post til tilsette ved avdelinga vil ikkje bli vurderte.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS