LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

PhD-stipendiat i digital kultur med vekt på digitale fortellingar og digital humaniora

Søknadsfrist: 01.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

PhD-stipendiat i digital kultur med vekt på digitale fortellingar og digital humaniora

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium er det ledig ei stilling som stipendiat i digital kultur med vekt på digitale fortellingar og digital humaniora, med planlagd tilsetjing hausten 2022. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.

Den som blir tilsett, skal undersøke digitale fortellingar som til dømes elektronisk litteratur, dataspel, fortellingar i sosiale medium, dataintensive fortellingsformer eller fortellingar som nyttar nye teknologiar som maskinlæring, XR (som utvida verkelegheit og virtuell verkelegheit) eller samtalebaserte grensesnitt som til dømes nyttar smarthøgtalarar. Prosjektet kan gjerne òg integrere samanlikningar på tvers av ulike sjangrar av digitale fortellingar.

Prosjektet skal nytte forskingsmetodar frå digital humaniora og helst gjere bruk av ELMCIP Electronic Literature Knowledge Base. Desse metodane kan til dømes inkludere datasamling og datakuratering, dataanalyse og datavisualisering eller design av grensesnitt. Skeive og interseksjonelle perspektiv som kan tematisere bias i infrastruktur i digital humaniora er også velkomne.

Prosjektet vil være tilknytt forskingsmiljøet som står bak SFF-initiativet til Center for Digital Narrative (CDN). Initiativet er finalist i Norges Forskingsråd si utlysing av Senter for framifrå forsking. Miljøet satsar på humaniora-dreven forsking på elektronisk litteratur, dataspel, sosiale medium og digitale metodar for å auke vår forståing av digitale fortellingar. Planen har fokus på algoritmisk narrativitet, nye miljø og materialitetar for fortellingar, og dessutan dei skiftande kulturelle kontekstane der folk og datasystem les og prosesserer digitale fortellingar. Vi skal undersøkje korleis interaksjonar mellom menneskelege forfattarar og ikkje-menneskelege system fører til nye former for fortellingar, korleis materialiteten til digitale fortellingar endrar seg over tid, og korleis kulturelle kontekstar omformar bruk og nytte av digitale fortellingar.

Søkjarar må føreslå eit Ph.d.-prosjekt og levere ein prosjektomtale (sjå fleire detaljar under «Slik søkjer du stillinga»).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan eit relevant fag som til dømes digital kultur, litteraturvitskap, nordisk, eller medievitskap. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT).
  • Søkjar må normalt ha A eller B på masteroppgåva, og masteroppgåva må ha eit omfang på minimum 30 studiepoeng.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må beherske engelsk, skriftleg og munnleg.

Søkjarar vil også bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.

I tillegg vil følgjande erfaringar bli rekna som ein føremon:

  • Erfaring med forsking på digitale fortellingar, til dømes i masteroppgåva eller i andre publikasjonar.
  • Erfaring med digital humaniora.
  • Erfaring med undervising.

For stillinga gjeld følgande:

Om stipendiatstillinga:

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er fire år, der 25 prosent av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Ein søkjar som tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon, kan bli tilsett i avkorta periode. Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen kan ikkje søkje.

Stipendiaten vil også inngå i forskargruppa for digital kultur og vil delta i og førebu møte, seminar, workshops og konferansar ved Universitetet i Bergen.

Tilsetjing i stipendiatstillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga:

Stipendiatar skal delta i fakultetets utdanningsprogram, som mellom anna inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, krav til årleg framdriftsrapportering og ein midtvegsevaluering halvvegs i stipendiatperioden. Trykk her for meir informasjon om innhaldet og krava i Ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultetet.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017/LR20, alternativ 10) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 490 800 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

I tillegg må dette følge søknaden:

  • Søknadsbrev med ei utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga.
  • CV.
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar.
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad.
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
  • Relevante attestar.
  • Prosjektomtale (inntil fem sider), sjå nettsida til prosjektet for relevant bakgrunnsinformasjon. Prosjektomtalen skal innehalde:
    • Eit kort samandrag (abstract) som samanfattar prosjektet.
    • Forankring i forskingsfeltet. Korleis plasserer prosjektet seg, og korleis vil det tilføre ny kunnskap?
    • Hovudmålsettingar, forskingsspørsmål og eventuelt hypotesar.
    • Teoretisk tilnærming og metodologi.
    • Tidsplan.
    • Litteraturliste.
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
  • Eventuelle vitskaplege arbeid utanom masteroppgåva (inntil tre arbeid).

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format. Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Nærare om utforming av søknad her.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS