Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Overingeniør (vitskapeleg programmering, dataanalyse og dataforvaltning)

Søknadsfrist: 23.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei fast stilling som overingeniør for vitskapeleg programmering, dataanalyse og dataforvalting. Dei fyrste 3 åra er stillinga knytt til forskingsprosjekt finansiert av EU-midlar (prosjekta LEMON og ISLAS), samt finansiering frå Norges forskningsråd (prosjekt SNOWPACE). Vi leitar etter ein høgt motivert person med særleg interesse for vitskapleg programmering, dataanalyse og dataforvalting, som støttar ein brei portefølje av avansert forsking innan meteorologi og klima.

Geofysisk Institutt har 140 tilsette frå 26 ulike nasjonar fordelt på om lag 130 årsverk. Stillinga vil vere ein del av instituttet sitt kompetansemiljø knytt til tenester innan databehandling i klimaforsking og Bjerknes Climate Data Centre (BCDC).

Arbeidsoppgåver:

Stillinga inneber mellom anna følgande arbeidsoppgåver:

  • Utvikle, dokumentere og vedlikehalde verktøy til kalibrering, prosessering og kvalitetssikring av data frå avanserte måleinstrument innan meteorologi og klimaforsking
  • Utvikle, dokumentere og bruk av dataarkiv til lagring, analyse og visualisering av måledata og metadata
  • Utvikle, dokumentere og bruke avansert programvare til vitskapeleg dataanalyse
  • Overvake dataflyt og kvalitetsparameter frå operasjonelle måleinstrument på felt og laboratoria
  • Assistere forskarar i analyse, kvalitetskontrollering, dokumentasjon, publisering og arkivering av datasett

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjaren må ha utdanning på mastergradnivå innan informatikk, anvendt matematikk, fysikk, meteorologi, atmosfærisk vitskap, oseanografi, biologi, geovitskap, eller innan andre relevante fagfelt. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring i programmering (python, matlab, FORTRAN, C/C++) og bruk av shell scripting er eit krav
  • Erfaring i HTML, javascript, SQL, bruk av databasar og datavisualisering (spesielt karttenester) er ein fordel
  • Erfaring med netCDF dataformat og CF konvensjonar er ein fordel
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt evne til å arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med kollegar
  • Evne til å arbeide strukturert, ansvarsfullt og løysings- og resultatorientert
  • Evne og motivasjon til å lære nye ferdigheiter, og entusiasme når det gjeld å fortløpande følgje med i nye behov og problemstillingar i eit dynamisk internasjonalt forskingsmiljø

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • stilling som overingeniør (kode 1087) i lønnstrinn 55 - 62 (for tiden kr 488 000 - 552 800) i det statlige lønnsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS