Overingeniør ved Institutt for informasjons- og medievitskap
Søknadsfrist: 12.05.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Overingeniør
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til eit eittårig vikariat som overingeniør ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Institutt for informasjons- og medievitskap er eit tverrfagleg, forskingsintensivt fagmiljø med forskingsgrupper og studietilbod innan media og kommunikasjon, informasjonsvitskap, journalistikk, interaksjonsdesign samt film og TV-produksjon.
Instituttet har for tida om lag 40 vitskaplege stillingar og 30 ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Om lag 1200 studentar er knytt til instituttet sine bachelor- og masterprogram. Administrasjonen ved instituttet har om lag 15 årsverk og vert leia av administrasjonssjef. For meir informasjon om instituttet viser vi her.
Stillinga er fysisk lagt til instituttet sine lokale i Media City Bergen og er knytt til den tekniske drifta av utstyr som vert brukt i instituttet si undervisning, forsking og innovasjon. Stillinga vil bli ein del av instituttet si tekniske gruppe. Til stillinga ligg det også undervisningsoppgåver på instituttet sine studieprogram.
Instituttet har 3 tekniske stillingar som mellom anna har driftsansvars for: Studio, mac-labbar, redigeringsrom, forskingslabbar, foto og videoutstyr, lydutstyr, eyetracking, VR-utstyr, 3D-printing, robotar, Arduino, motion-tracking, dronar, it- utvikling/drift (backend).
Arbeidsoppgåver:
Opplæring i bruk av teknisk utstyr for studentar og tilsette på instituttet.
Dagleg drift og ettersyn av labbar, mobilt og stasjonært utstyr
Undervisning innanfor eit eller fleire fagfelt, til dømes foto/video, lyssetting, lyd og videoredigering, VR, dronar, Eyetracking (observasjonsstudiar)
Ut- og inn- booking av mobilt utstyr
Delta i drift og utvikling av backend-system ved instituttet
Teknologi er under stadig utvikling. Den som blir tilsett må difor ha evne og vilje til å sette seg inn i nye teknologiar og plattformer.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Bachelorgrad eller tilsvarande innanfor relevant utdanning for stillinga
Gode kommunikasjons- og pedagogiske ferdigheiter. Erfaring innanfor undervisning vil vere ein fordel
Må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
God administrativ IT-kompetanse
Den som innehar stillinga må kunne uttrykkje seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk.
Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Eit godtog fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Løn som overingeniør etter årsløn på NOK 584 500 – 624 500 (kode 1087), i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».
Søknaden skal merkast 2025/4550
Søknadsfrist: 12. mai 2025
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.