LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Overingeniør -  Institutt for biomedisin

Søknadsfrist: 18.09.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør 

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin er det ledig ei 100% fast stilling som Overingeniør for snarleg tilsetjing. 50% av stillinga vil vere tilknytt Gruppe for Translasjonell Kreftforskning (TCR), og den andre 50% av stillinga vil vere tilknytt teknologiplattforma Molecular Imaging Center (MIC), begge ved same instituttet.Målet med forskinga i TCR er å forstå dei biologiske mekanismane som ligg til grunn for initiering og progresjon av vondarta kreftsvulstar i hjernen og å identifisera og karakterisera nye molekylære mål som kan nyttast i framtidig utvikling av målretta terapi. TCR består av 5 ulike laboratorium, som alle utfører grunnleggjande og preklinisk forsking, med ei sterk tilknyting til kliniske miljø. For meir informasjon, sjå her.

MIC vart starta i 2003 og er ein open kjernefasilitet for alle forskarar på like vilkår, innafor avansert subcellulær, cellulær og smådyrs-avbilding. Vi har høgt kvalifisert vitskapeleg og teknisk personale som opererer og held ved like utstyret. Forsking og metodeutvikling er ein integrert del av aktivitetane på MIC. Vi arrangerer årleg fleire kurs innan bruken av instrumenta våre. For meir informasjon, sjå her.

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeida med pasientprøver og cellelinjer i cellekultur.
  • Arbeida med ulike oppgåver relatert til Tumorbanken.
  • Utføra ulike biologiske analysemetodar, som til dømes flow cytometri, proteinanalyser, PCR, immunohistokjemi, mikroskopiske teknikkar og STR-fingerprinting.
  • Parafininnstøyping, farging og snitting av vevsprøver for lysmikroskopi.
  • Hjelpa til i dyreforsøk.
  • Smådyrsavbilding (MRI, PET, CT).
  • Vera med og arrangera kurs på MIC.
  • Førefallande laboratoriearbeid.
  • Ordensmannsansvar i lab, drift, lage buffere og dyrkingsmedia, registrering av kjemikaliar, prosedyreskriving og bestilling av varer.
  • Ta imot og læra opp master- og doktorgradsstudentar i ulike laboratorietekniske metodar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad innanfor biologiske emne. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Søkjar må ha relevant erfaring med arbeide i biologiske forskingslaboratorium.
  • Søkjar må ikkje ha allergi mot dyr eller kjemikalia som vert handtert med vanlege sikringstiltak, og må vere villig å ta dei nødvendige vaksinane for laboratoriearbeid.
  • Søkjar må ha godkjenning for å arbeida med forsøksdyr (FELASA C) eller vera villig til å ta nødvendige kurs innan 1 år etter tilsetjing.
  • Søkjar må ha gode kunnskapar i munnleg og skriftleg engelsk og bør kunne meistra norsk munnleg.
  • Tidlegare erfaring med smådyrs-avbilding (MRI, PET, CT) er ein føremon.
  • Det er ønskjeleg med tidlegare erfaring frå tidlegare nemnte biologiske analysemetodar, samt prekliniske eksperimentelle dyreforsøk.
  • Gode IT-kunnskapar er ein føremon.
  • Erfaring frå kreftforsking er ein føremon.
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Søkjar må ha stor arbeidskapasitet, interesse for forsking, vere ansvarsmedviten og serviceinnstilt.
  • Søkjar vert vurdert på evner til å arbeida systematisk, sjølvstendig og kreativt, men samstundes kunne arbeida i team.

Vi søkjer ein person som:

  • Har tidlegare erfaring med å arbeida innan laboratoriearbeid.
  • Har erfaring med celle- og molekylærbiologi, dyreforsøk og preklinisk avbilding.
  • Har god serviceinnstilling, gode evner og vilje til kommunikasjon og samarbeid.
  • Har IT kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter.
  • Er systematisk, sjølvstendig, fleksibel og kreativ, og kan arbeida i team.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt arbeidsmiljø.
  • Løn er for tida kr 575 400 – 604 900 (kode 1087, lønssteg 59-62, med Bachelor-/ Mastergrad). Løn er for tida kr 575 400 – 646 000 (kode 1087, lønssteg 59-66, med doktorgrad/Ph.d.). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS