Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Overingeniør (data manager) - Geofysisk institutt

Søknadsfrist: 31.05.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei fast stilling som overingeniør for dataforvaltning. Stillinga inngår i Bjerknes Climate Data Centre og er bl.a. knytt til H2020 BlueCloud (Piloting Innovative Services for Marine Research & the Blue Economy), H2020 COMFORT (An integrative projection model towards ocean sustainability), H2020 e-shape (A cloud-based contribution to Earth Observation), samt finansiering frå Norges forskningsråd.

Instituttet har 140 tilsette frå 26 ulike nasjonar fordelt på om lag 130 årsverk.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga inneber arbeidsoppgåver som mellom anna følgande:

  • Kontrollere dataflyt, kommunikasjon med forskarar, samt kvalitetskontrollering av data innan realfag
  • Hente fram, strukturere og handtere data, metadata og dokumentasjon
  • Konvertere filformat, og skripting for dataoverføring mellom system
  • Assistere forskarar i arkivering av observasjonsdata for Bjerknes Climate Data Centre for forskjellige prosjekt

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjaren må ha utdanning på mastergradnivå innan oseanografi, biologi, geovitskap, matematikk eller innan andre relevante fagfelt
  • God kunnskap om vitskaplege data og arkivering av slike er ein føresetnad
  • Erfaring med automatisert dataflyt, vitskaplege databasar og kvalitetskontroll av vitskapleg data er ynskjeleg
  • Kunnskap om internasjonale standardar for fagmiljøet er sterkt ynskjeleg
  • Detaljert kunnskap om det norske vitskaplege landskapet og korleis vitskaplege data kan gjerast tilgjengeleg, vil være ynskjeleg
  • Den som vert tilsett kjem til å arbeide i eit pulserande og internasjonalt forskingsmiljø. Ettersom stillinga krev kontakt og samarbeid med eit internasjonalt forskingsmiljø er det naudsynt at kandidaten er villig til å reise, har diplomatiske evner, og har gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar. At kandidaten beherskar norsk er også ynskjeleg.

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verte vektlagde.

  • Evne til å arbeide strukturert, ansvarsfullt og løysings- og resultatorientert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig på eit avansert vitskapleg nivå
og vilje til å løyse tekniske utfordringar
  • Evne til å samarbeide og presentere resultat
  • Evne til å arbeide effektivt, nøyaktig og målretta
  • Fleksibilitet og vilje til å tilpasse seg nye arbeidsoppgåver
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønnstrinn 55 - 62 (for tiden kr 488 000 - 552 800) i det statlige lønnsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS