LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Overingeniør (80% mellombels) - Klinisk institutt 1

Søknadsfrist: 24.06.2024

Overingeniør ved Klinisk institutt 1

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør 

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1 er det ledig ei mellombels stilling (80%) som overingeniør for ein periode på 12 månader. Stillinga er finansiert av Kreftforeningen via prosjektet «Early molecular events in pancreatic cancer - The interplay of cellular stress and KRAS mutations». Overingeniøren vil arbeide ved Gades laboratorium for patologi, Klinisk institutt 1 som har areal i Sentralblokken, Haukeland universitetssjukehus. 

Vi søkjer etter ein dedikert person som skal arbeide hovudsakeleg med dyremodellar for human sjukdom, men òg med molekylære og cellulære teknikkar, i ei forskingsgruppe som studerer patologiske mekanismar i bukspyttkjertelen. Overingeniøren vil jobbe saman med forskarar, PhD-studentar og masterstudentar i eit tverrfagleg og aktivt miljø.

Arbeidsoppgåver:

  • Handsaming av forsøksdyr (mus), både rutineprosedyrar og særskilte eksperiment
  • Genotyping av forsøksdyr og humane DNA-prøver
  • Utføre molekylære analyser som t.d. sanntids-PCR
  • Dyrke og transfektere celler i kultur
  • Utføre proteinanalysar som td. Westernblot
  • Mikroskopering av celler og vev
  • Organisere biobankmateriale og reagensar i laboratoriet
  • Dokumentasjon av alle gjennomførte prosedyrar og utfall, og tolking av desse saman med andre i forskingsgruppa
  • Gje generell teknisk støtte i forskingsgruppa for god gjennomføring av forskingsaktivitetar og vedlikehald av fasilitetar/utstyr
  • Gje støtte og opplæring til akademiske/tekniske medarbeidarar og studentar i dyreforsøk og spesifikke eksperimentelle teknikkar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha mastergrad innanfor molekylærbiologi, cellebialogoi, biomedisin eller tilsvarande fag, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved allsidig relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning innan fagfeltet
  • Stor røynsle i handtering av forsøksdyr (mus)
  • Røynsle i teknikkar for å isolere og studere nukleinsyrer og protein
  • Røynsle i celledyrking og analysering av celler
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, samt flytande engelsk, skriftleg og munnleg på eit teknisk/vitskapeleg nivå
  • Søkjarar kan ikkje ha allergi mot kjemikal som vert handsama med vanlege sikringstiltak
  • Dersom den som vert tilsett ikkje frå før har kurs i forsøksdyrlære (kategori C etter dei norske myndigheitene sine krav), vil ein bli pålagt å gå gjennom slik opplæring, samt eventuelle andre relevante kurs

Det er ein føremon med:

  • Røynsle i studiar av sjukdom i bukspyttkjertelen og/eller diabetesforsking
  • Røynsle i molekylærgenetiske analysar i samband med human sjukdom
  • Røynsle i handsaming av blodprøvar og anna biologisk materiale

Vi søkjer ein person som:

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har interesse for forsking, kan jobbe sjølvstendig og er god på problemløysing
  • er ansvarmedviten, nøye og har fokus på detaljar
  • er villig til å ta ansvar for prosessar og følgje dei til dei er fullførde
  • syner initiativ og har god arbeidskapasitet
  • er villig til å gjere seg kjend med nye emne og område
  • er god på å arbeide strategisk, strukturert og med sikte på fristar
  • er fleksibel og innstil på å hjelpe
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. 

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn er for tida kr 584.500 - 604.900 (kode 1087, lønssteg 60-62, med Bachelor-/Mastergrad). Løn er for tida kr 584.500 - 646.000 (kode 1087, lønssteg 60-66, med doktorgrad/Ph.d.). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Anders Molven, Klinisk institutt 1 per e-post anders.molven@uib.no eller telefon 55973169.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. personar med innvarndrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmode om å søkje stillinga. 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS