LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Overingeniør - Institutt for biovitskap (BIO)

Søknadsfrist: 29.09.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei fast stilling (100 %) som overingeniør knytt til faggruppa Fiskeri- og marinbiologi. Marinbiologiforskinga i gruppa har fokus på biosystematikk og evolusjon av evertrebratar og makroalgar, ved bruk av morfologiske analyser og molekylær metodikk. Overingeniørstillinga vil i hovudsak vere knytt til DNA-laboratoriet ved BIO, der det er fasilitetar for ekstrahering av DNA, PCR, kloning, NGS, m.m. Stillinga vil vidare bli knytt til nyoppstarta artsprosjekt på kartlegging av mysidar (pungreker) og brunalgar i norske farvatn.

Arbeidsoppgåver:

Den som blir tilsett skal dei første tre åra delta i framstilling av resultat frå prosjekt som er finansierte av Artsdatabanken.

På DNA-laboratoriet vil arbeidet bestå i ekstrahering av DNA og ein del sekvensering, samt organisering av innsamla prosjektmateriale til museet. Arbeidet inkluderer også ansvar for oppstart og vedlikehald av brunalgealgekulturar på Levendelaboratoriet.

Det kan vidare bli aktuelt med deltaking i feltarbeid for innsamling og preparering av prøver.

Den rette kandidaten for stillinga vil få ansvar for dagleg drift på DNA-laboratoriet, mellom anna bestilling av materiell, fordeling av utgifter mellom brukarar og økonomi, og anna forefallande arbeid.

Vedkommande vil også kunne få ansvar for opplæring av nye brukarar, og skal kunne rettleie studentar på praktisk arbeid i DNA-laboratoriet, samt rettleie studentar og andre i analyser av DNA-data gjennom bruk av dataprogram som f.eks. Geneious, MrBayes, Mega, Paup, RaXML, BEAUti /BEAST til metagenomics, populasjonsgenetikk og fylogenistudier. I tillegg vil den som vert tilsett bli involvert i utvikling av nye metodar for bruk i DNA-laboratoriet. Denne personen må også rekne med å inngå i instituttets vaktlag.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha høgare utdanning på masternivå frå universitet eller høgskule innan biologi eller tilsvarande relevant utdanning. Relevant praksis kombinert med etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring frå molekylærbiologiske metodar er eit krav.
  • Kurs i Felasa C er eit krav. Om den som blir tilsett ikkje har dette kurset, må vedkommande forplikta seg til å ta det innan eit år etter tilsetting.
  • Erfaring frå mikroskopering og fotografering av artar er ein føremon.
  • Erfaring med algekulturar og kuratorarbeid i museumssamlingar er ein føremon.

Personlege eigenskapar

  • Ryddig og strukturert.
  • God kapasitet for varierte arbeidsoppgåver
  • Nøyaktigheit i arbeidet i felt og på laboratoriet.
  • Evne og vilje til å tileigne seg ny kunnskap.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Språk - både skriftleg og munnlegGode ferdigheiter i norsk og engelsk er ein føremon.

Vi tilbyr:

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver.
  • Moglegheiter for deltaking i feltarbeid.
  • Arbeid i ei fagleg god og sosialt velfungerande faggruppe.
  • Moglegheit til fagleg og personleg utvikling og utstrekt kontakt med andre fagmiljø.
  • Overingeniørar (kode 1087) vert løna etter lønssteg 53 - 58 (for tida kr 474 500-516 400) etter tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Kjersti Sjøtun (kjersti.sjotun@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Send søknad med CV, vitnemål og attestar elektronisk via ved å klikke på knappen merkt «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søknader sende på e-post vil ikkje verte vurderte

Les meir om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS