Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Rådgjevar / seniorkonsulent i studieseksjonen

Søknadsfrist: 13.03.2022

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo er det største samfunnsvitskaplege fagmiljø i Noreg og rangert som nummer to i Norden. Fakultetet har ei rekkje forskingsmiljø som er leiande internasjonalt, og har hatt to Nobelprisvinnarar. Vi har 460 tilsette og 5300 studentar. Fakultetet tilbyr 22 studieprogram på bachelor- og masternivå, 2 profesjonsutdanningar og ph.d.-program innan 7 studieretningar.

Om stillinga

Det er ledig stilling som rådgjevar/seniorkonsulent i studieseksjonen ved Psykologisk institutt (PSI), Det Samfunnsvitskaplege fakultet (SV-fakultetet). Stillinga er i utgangspunktet midlertidig med varigheit på to år, knytt til utviklinga og drifta av tverrfaglege satsingar, samt forskarlinje for høgare grads studentar. Studieseksjonen ved PSI består nå av 8 personar og dekker mellom anna arbeidsområde som studieplanlegging, eksamensavvikling, rekruttering, opptak, undervisningsplanlegging, regelverk, studiekvalitet, internasjonalisering, rettleiing og studieinformasjon.

SV- fakultet har sterkt fokus på utdanningsutvikling. Fokus er på stadig forbetring av det faglege innhaldet i utdanninga, tverrfaglege studietilbod, samt betre læringsmiljø og oppfølging av studentane.PSI har ei nøkkelrolle i fleire av desse satsingsområda, og det er et tett samarbeid mellom instituttet og fakultetsnivået på desse områda. Den utlyste stillinga finansierast delvis av SV-fakultetet, men er lagt til studieseksjonen på PSI. Den utlyste stillinga er ei nyoppretta prosjektstilling over to år og vil ha ansvarsområde knytt til det tverrfaglege Honoursprogrammet ved UiO, den nyoppretta Forskarlinja ved PSI, samt bistand knytt til søknadar for økt utdanningssamarbeid på tvers av institusjonar.Stillinga inneheld dermed arbeidsoppgåver som er retta mot studentar ved SV-fakultetet utover PSI, og det inneber utstrekt samarbeid og koordinering med fakultetsadministrasjonen, andre SV-institutt og andre fakultet ved UiO.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • Studieadministrativ utvikling, drift og koordinering av Honoursprogrammet ved UiO, og særleg den samfunnsvitskapelege studieretninga. Dette inneber òg å igangsette og følgje opp tiltak knytt til betre studiekvalitet, studentoppfølging, læringsmiljø og andre forhold rundt programmet i samarbeid med programrådet.
  • Studieadministrativt ansvarleg for utvikling, drift og koordinering av Forskarlinja ved PSI
  • Koordinere og rådgje i prosessar knytt til høgare utdanningssamarbeid

Plassering i stilling som seniorkonsulent eller rådgjevar avheng av kompetanse og erfaring.

Det er uavhengig av stillingsplassering ei forventing om oppfølging av alle arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga, og sjølvstendige initiativ til vidareutvikling av desse arbeidsområda. Stillinga kan tilleggas andre studieadministrative oppgåver ved behov dersom omsynet til instituttets verksemd tilseier dette. Vi ynskjer difor ein person som er fleksibel og som kan hjelpe til med å løyse instituttets oppgåver når det trengs.

Kvalifikasjonskrav

  • Høgare utdanning på minst bachelornivå
  • Dokumentert relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet dersom kandidaten kan dokumentere evne til å meistre oppgåver på det aktuelle nivået
  • Særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Kunnskap om UH- sektoren og forståing for samspelet mellom studentar og tilsette
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid, gjerne frå UH- sektoren
  • Kompetanse som kan vere ein fordel:- god kjennskap til UiO-arbeidsverktøy, mellom anna Felles Studentsystem (FS)- kjennskap til offentleg forvaltning- erfaring med koordinerande arbeid

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeids- og koordineringseigenskapar
  • Du må ha engasjement for oppfølging av studentar og evne til å skape entusiasme i ein større organisasjon
  • Du likar å jobbe med samansette og omfattande oppgåver, men òg løpande sakshandsaming, og evnar å sjå desse to områda i samanheng
  • Du likar å jobbe i team og å jobbe med utvikling i samansette grupper
  • Du er systematisk, strukturert og analytisk, men òg fleksibel og åpen for endringar
  • Du er empatisk og er forståingsfull for andres ståstad
  • Du er innstilt på å yte ein ekstra innsats i periodar med stor arbeidsmengde
  • Du er ansvarsbevisst, strukturert og sjølvstendig. Personleg eignaheit vektleggas

Vi tilbyr

  • Løn som rådgjevar (SKO 1434) kr. 574 700 - 637 900 (ltr. 63 - 69) og som seniorkonsulent (SKO 1363) kr. 524 900 - 594 300 (ltr. 58 - 65) vert fastsett etter individuell vurdering basert på kompetanse og erfaring.
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Kopi av relevante attestar og vitnemål
  • Liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Du søkjer via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS