Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Leiande forskningsteknikar (50-100%, to stillingar) - Psykologisk institutt

Søknadsfrist: 15.02.2021

Det samfunnsvitenskapelege fakultet

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Psykologisk institutt er det eldste psykologiske instituttet i Noreg. Forskinga ved instituttet er internasjonalt retta med fleire internasjonale samarbeidsprosjekt, og speglar psykologien sitt mangfald og kontaktflate med andre vitskaplege disiplinar, i medisin, humaniora og samfunnsfag. Studietilbodet i psykologi omfattar profesjonsstudiet i psykologi, samt eit bachelor- og mastergradsprogram. I tillegg har instituttet ei forskarutdanning (Ph.D.-grad) med 140 registrerte kandidatar. Instituttet har ein stab på 75 fast vitskapleg tilsette, ca. 70 stipendiatar og postdoktorar, og ein teknisk/administrativ stab på 22 personar.

Skildring

Det er ledig to stillingar som leiande forskningsteknikar (SKO1514) ved Psykologisk Institutt, Universitetet i Oslo. Stillingane er eksternt finansiert og vare i 3 år. Dei vil knyttast til forskingsgruppa for hjerneavbildning ved Norsk senter for forskning på mentale lidelser (NORMENT, www.norment.no).

Forskningsgruppa er ei tverrfagleg og aktiv gruppe med over 20 medlemmar som bruker avansert hjerneavbildning i kombinasjon med andre metodar (til dømes genetikk, kliniske intervju, kognitive testar) for å auke forståinga av dei samansatte årsakane til psykisk sjukdom.

Personane som tilsettes vil ha ei nøkkelrolle i gruppa og bli involvert i koordineringa og gjennomføringa av fleire spennande forskingsprosjekt om hjernen og psykisk helse i ulike fasar av livet.

Arbeidsoppgåver

  • Koordinering av forskingsprosjekt, som blant anna rekruttering, screening og booking av deltakarar.
  • Kontakt med deltakarar i forskingsprosjekt (pasientar og friske kontrollar) i ulike aldre (barn og vaksne).
  • Gjennomføring av testar og MR-undersøkingar (nødvendig opplæring og sikkerhetskurs vil gis).
  • Kvalitetssikring av prosedyrar og data.
  • Generell støtte til forskningsgruppas øvrige medlemmar.

Kvalifikasjonskrav

  • Dokumentert erfaring og interesse for fagfeltet.
  • Minimum utdanning på bachelornivå innen eit relevant fagfelt.
  • Erfaring frå forskingsprosjekt innan klinisk og kognitiv nevrovitskap er ein fordel.
  • Sterke muntlege og skriftlege kommunikasjonseigenskapar. Norsk språk kan vere ein fordel.
  • Erfaring med MR-undersøkingar og/eller handtering av deltakarar i forsking er ein fordel.
  • Noko interesse og erfaring med programmering og Linux kan vere ein fordel.

Personlige eigenskaper

  • Serviceinnstilt, systematisk, effektiv, omgjengeleg, og samvitsfull
  • Dokumentert høg arbeidskapasitet og evne til å jobbe sjølvstendig.
  • Sterke samarbeidsevner.
  • Dokumentert evne til å jobbe effektivt og trivast i ein fleksibel arbeidssituasjon.

Vi tilbyr

  • Lønn som leiande forskingstekniker (stillingskode 1514) fastsettast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr451 700 og kr. 498 800, avhengig av kompetanse evt: og ansiennitet.
  • Nøkkelrolle i ei aktiv og tverrfagleg forskingsgruppe, med stor fleksibilitet og mulegheit til å påvirke eigen arbeidskvardag. Noko kvelds- og helgearbeid må reknast med.
  • Gode mulegheitar til å opparbeida relevant erfaring, ekspertise og nettverk for ei seinare forskingskarriere innan hjerneavbildning og klinisk nevrovitskap.
  • Attraktive velferdsgoder for ansatte ved UiO, for eksempel trening i arbeidstiden og mulegheit for å søke barnehageplass (https://www.uio.no/for-ansatte/ansettelsesforhold/velferd).
  • Oppstartdato: Fleksibelt, men så tidlleg som muleg.
  • Stillinga er i utgangspunktet 100%, men lågare stillingsprosent kan diskuterast

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev med informasjon om motivasjon for å søke stilinga, skildring av bakgrunn og interesse, samt kort skildring av karriereplan.
  • CV med informasjon om utdanning og arbeidserfaring, med vekt på relevant erfaring knyttet til stillinga, samt liste med 2-3 referansar med kontaktinformasjon.
  • Kopier av vitnemål og karakterutskrift.
  • Vi vil legge særlig vekt på personlege eigenskaper og relevant erfaring.

Andre opplysninger

Aktuelle søkarar vil bli innkalt til intervju.

I samsvar medoffentlighetslova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentliggjort selv om søkren har bedt om å ikkje bli oppført på søkarlista.

UiO har et personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Vi vil legge vekt på omsorgsoppgåver i vurderingen av søkarane.

UiO ønsker at våre medarbeidarar i størst mulig grad gjenspeiler mangfoldet i befolkningen. Vi oppfordre derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søke stillinga. Som IA-bedrift vil vi legge forholda til rette for medarbeidarar med nedsatt funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS