Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Klinikksekretær - 50% stilling

Søknadsfrist: 30.03.2020

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Psykologisk institutt er det eldste psykologiske instituttet i Noreg. Forskinga ved instituttet er internasjonalt retta med fleire internasjonale samarbeidsprosjekt, og speglar psykologien sitt mangfald og kontaktflate med andre vitskaplege disiplinar, i medisin, humaniora og samfunnsfag. Studietilbodet i psykologi omfattar profesjonsstudiet i psykologi, samt eit bachelor- og mastergradsprogram. I tillegg har instituttet ei forskarutdanning (Ph.D.-grad) med 140 registrerte kandidatar. Instituttet har ein stab på 75 fast vitskapleg tilsette, ca. 70 stipendiatar og postdoktorar, og ein teknisk/administrativ stab på 22 personar.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Vi søkjer etter ein dyktig klinikk-/helsesekretær til vår internklinikk. Ved internklinikken gir vidarekommande studentar behandling til klientar/pasientar under rettleiing av psykologspesialist. Internklinikken blir drifta som ein lågterskel psykiatrisk poliklinikk. Det er mykje aktivitet og vi har behov for ein 50% helsesekretær. Det er allereie ei 100% administrativ stilling knytt internklinikken, og helsesekretær vil ha tett eit samarbeid med denne.

Arbeidsoppgåver

  • Ha oversikt over og være tilgjengelig for studentar, rettleiarar og klientar i klinikken
  • Oppfølging av rutinar som er del av kvalitetssikringsarbeidet ved klinikken
  • Administrativt arbeid med elektronisk pasientjournal
  • Ansvar for tilrettelegging av rom og utstyr som er i bruk i terapiane
  • Arbeid med sentralbord
  • Kontorfaglege oppgåver knytt til den daglige drifta
  • Tett samarbeid med klinikk-koordinator og avdelingsleiar

Kvalifikasjonskrav

  • Sekretær/helsesekretær eller relevant praksis
  • Vi legg vekt på kunnskap om lover, regelverk og rutinar som regulerer verksemd i poliklinikk
  • Solid IT-kunnskap og erfaring med bruk av pasientjournal, arkivsystem og andre relevante IT-system
  • Vi søkjer ein påliteleg, ryddig og nøyaktig medarbeidar som kan være ein ressurs i vår avdeling
  • Det er ynskjeleg med erfaring innan psykisk helse
  • Vi legg vekt på at personen høver i stillinga
  • Søkjaren må vere tale- og skrivefør på norsk

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjar ein skarpskodd, tiltaksam og ihuga person som likar å finne løysingar.
  • Han eller ho må vere godlynt, kunne takle ein travel kvardag og arbeide godt så vel i lag som åleine.

Vi tilbyr

  • Ungt og stimulerande miljø
  • Løn som klinikksekretær (SKO 1379) fastsett etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr. 428 200 og kr. 456 400 avhengig av kompetanse evt. og ansiennitet
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Relevante vitnemål og attestar
  • Liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

  • Avdelingsleder Inger Selvaag, tlf. 22 84 50 71 / 99 24 25 21, e-post: inger.selvaag@psykologi.uio.no
  • Kontorsjef Joakim Dyrnes, tlf: 22 85 52 46 / 41 69 83 95, e-post: joakim.dyrnes@psykologi.uio.no

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS