Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Forskingsassistent - ARENA Senter for europaforsking

Søknadsfrist: 06.02.2020

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


ARENA Senter for europaforsking er eit forskingssenter ved Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo. Senteret har som hovudmål å vidareutvikla miljøet som eit nasjonalt tyngdepunkt for forsking på politisk integrasjon i Europa og som eit av dei leiande sentra på dette området internasjonalt. ARENA koordinerer og deltek i fleire internasjonale forskarnettverk og prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd og EU sitt Horisont 2020-program. Sjå våre nettsider for meir informasjon om dei ulike fagfelta ARENA forskar på.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

ARENA Senter for europaforsking har ei ledig stilling (100%) som forskingsassistent (SKO 1020) på eit forskingsprosjekt finansiert av Horisont 2020-programmet til EU. Stillinga er ledig frå april 2020, eller etter avtale. Tilsettinga er mellombels for ei periode på to år.

ARENA er eit forskingssenter ved Det samfunnsvitskapelege fakultet ved Universitetet i Oslo. Senteret har som hovudmål å vidareutvikle miljøet som eit nasjonalt tyngdepunkt for forsking på politisk integrasjon i Europa og som eit av dei leiande sentra på dette området internasjonalt.

Trust in Governance and Regulation in Europe (TiGRE) er eit forskingsprosjekt med 10 europeiske partnarar koordinert av Université de Lausanne i Sveits. TiGRE tar sikte på å avdekke tillitsrelasjonar blant like aktørar i reguleringsregime og korleis tillit bidrar til effektive og legitime avgjerder. Det empiriske fokuset er på matsikkerheit, finansregulering, datasikkerheit og personvern. ARENA, ved professorane Tobias Bach og Jarle Trondal, er ein sentral partnar i prosjektet og koordinerer arbeidet med ei internasjonal surveyundersøking samt statistiske analyser av dette materialet. ARENA bidrar dessutan til fleire såkalla arbeidspakkar i prosjektet. Assistenten vil arbeide saman med vitskapelege og administrative tilsette på TiGRE.

Meir om stillinga

Arbeidsoppgåvene er varierte, og inneber blant anna støtte i utforminga av spørjeskjema, koordinering av omsetting av surveyen til ulike språk, innsamling av kontaktinformasjon for relevante norske aktørar (som departement, direktorat og interesseorganisasjonar), statistiske analyser av surveymaterialet, skriving av administrative rapporter og forskingsrapporter, klargjering av vitskapelege manuskript, og skriving av artiklar ved interesse.

Vi søker ein person med erfaring og interesse for oppgåvene og gjerne for prosjektet sine forskingsfelt. Opplæring vert gitt.

Arbeidsspråket på ARENA er engelsk, men det er også nødvendig med god kunnskap i eit skandinavisk språk for denne stillinga.

Kvalifikasjonskrav

Krav:

  • Mastergrad innanfor samfunnsvitskapelige fag (kan også fullførast vårsemesteret 2020, som inneber tilsetting i stillingskode 1019 fram til avlagd mastergrad)
  • Kunnskap om eller utdanning innan dei faglege tema det vert forska på ved ARENA
  • Grunnleggande kunnskap om EU og gjerne interesse for forsking på europeisk integrasjon og EU, spesielt fleirnivåadministrasjon
  • Erfaring med surveymetode og statistisk analyse med statistikkprogram som f.eks STATA, SPSS eller R
  • God kjennskap til norsk eller andre skandinaviske språk

Ønskeleg:

  • Erfaring frå andre av arbeidsoppgåvene, som ferdigstilling av manuskript, tel også positivt
  • God kjennskap til tekstredigering og erfaring med Word
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på engelsk

Personlege eigenskapar

  • Vi søker ein person som er grundig, pålitelig og fleksibel, med eit auge for detaljar
  • Evne til å ta ansvar og initiativ og arbeide sjølvstendig
  • Ein må kunne arbeide under tidspress og handtere det å arbeide med fleire oppgåver samtidig.

Stillinga kan ikkje gå til personar som tidlegare har vore tilsett i stipendiatstilling eller har oppnådd tilsvarande kompetanse. Vi gjer merksam på at samla tilsettingstid i stilling som forskingsassistent, inkludert tidlegare tilsettingsforhold i same stilling, ikkje kan overstige to år.

Vi tilbyr

  • Ei variert stilling i eit aktivt internasjonalt forskingsmiljø
  • Eit hyggeleg og fagleg stimulerande arbeidsmiljø med rom for fagleg utvikling
  • Lønn frå kr. 456 400 til kr. 488 000 avhengig av kompetanse
  • God pensjonsordning og gunstige lån i Statens Pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Relevante vitnemål med karakterutskrifter
  • Referansar

Søknad med vedlegg må sendast inn via det elektroniske rekrutteringssystemet vårt, JobbNorge. Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju.

Andre opplysningar

Sjå forskrift om tilsetjingsvilkår.

I høve til Offentleglovas § 25 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med føremål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad gjenspeglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje tilhøva til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS