Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Rådgjevar / seniorrådgjevar økonomi - Det samfunnsvitskapelege fakultet

Søknadsfrist: 04.03.2020

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Fakultetsadministrasjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet støttar einingane i den daglege drifta og har samstundes eit overordna koordineringsansvar for heile fakultetet.


Fakultetsadministrasjonen er delt i fire avdelingar; Seksjon for studie, Seksjon for personal, økonomi og arkiv, Seksjon for IT/AV-tenester og Seksjon for forsking og kommunikasjon. Fakultetet vert administrativt leia av fakultetsdirektøren, med dekanen som leiar av heile fakultetet. Fakultetsadministrasjonen har til saman rundt 70 tilsette.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Ved Det samfunnsvitskapelege fakultet har vi for tida ei ledig stilling som controller til felles økonomifunksjon som med 14 årsverk. Stillinga er spanande og byr på interessante faglege utfordringar.

Controlleren skal bidra til at fakultetet får ein robust ogeinskapleg økonomistyring med kvalitet i økonomiarbeidet, slik at forsking og undervisning ved fakultetet får bestmogelege vilkår. Controlleren vil få eit særleg ansvar for delar av fakultetet si verksemdsstyring. Her er det ogmogelegheiter for å vere med på å utvikla stillinga. Stillinga rapporterer til leiar av økonomiseksjonen.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til god økonomistyring
  • Vere ressursperson overfor institutta innan styring av verksemda
  • Sikra god dialog med fakultetets institutt
  • Bidra til nytenking og vidareutvikling i organisasjonen på seksjonen sitt fagområde
  • Utarbeiding av rapportar til leiinga og analyser til leiinga
  • For person med leiarkompetanse kan det vere aktuelt med ein nestleiarfunksjon for seksjonen

Kvalifikasjonskrav

Utdanning innan økonomi frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande mastergrad. Dokumentert realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan kompensere for utdanningskravet.

  • God evne til å framstille seg på norsk, munnleg og skriftleg
  • Gode engelskkunnskapar
  • Generelt god IT-kompetanse, med særskild vekt på Excel
  • Minimum 4 års relevant arbeidsrøynsle
  • Ønskjeleg med røynsle frå universitet- og høgskule-sektoren
  • Gode analytiske evner

Særskilt kompetente søkjarar vil verte tilsett som seniorrådgjevar med ei meir sjølvstendig utføring av oppgåver knytt til vurderingar, analyser, trekkje konklusjonar og ha ansvaret for meir komplekse oppgåver og utredningar. Disse vil og vere aktuelle som nestleiar i seksjonen, med eit koordineringsansvar for heile seksjonen sitt faglege område.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og koordineringsevner
  • Resultat- og utviklingsorientert, med god gjennomføringsevne
  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne
  • Evne til å presentera økonomi for ikkje-økonomar

Vi tilbyr

  • løn som rådgjevar (SKO 1434) kr 563.700 - 627.700 og som seniorrådgjevar (SKO 1364) kr 655.400 - 765.100 vert fastsett etter individuell vurdering basert på kompetanse og erfaring
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Evt. vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS