Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Rådgjevar innanfor studiefeltet - Institutt for arkeologi, konservering og historie

Søknadsfrist: 01.11.2021

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) er satt saman av tre fag som på kvar sin måte granskar fortida. Instituttet har eit internasjonalt orientert miljø i arkeologi, den einaste konserveringutdanninga i landet og det største historikarmiljøet i Norden. Instituttet har i underkant av 100 tilsette, inklusive stipendiatar og postdoc. Undervisninga omfattar arkeologi frå steinalderen til mellomalderen, gjenstands- og malerikonservering, og historie frå antikken til vår tid.

Om stillinga

Ei fast stilling som rådgjevar (SKO 1434) er ledig ved Institutt for arkeologi, konservering og historie, Universitetet i Oslo. Instituttet har mange studentar og arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle undervisninga og heve kvaliteten på studiane.

Stillinga er ein del av eit team beståande av studieleiar og studiekonsulentar som dekker alt det administrative arbeidet med studieprogramma ved instituttet.

Arbeidsoppgåver

  • Koordinering av undervisningsplanlegginga ved instituttet.
  • Sikre oversikt over ressursbehov og ressursbruk knytt til undervisning.
  • Utføre utredningar og sikre styringsinformasjon knytt til studiefeltet.
  • Lede, koordinere og delta i prosjekter og utviklingsoppgåver på studiefeltet.
  • Generell sakshandsaming.

Det kan bli lagt også andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning minimum tilsvarande bachelornivå, men ein fordel med mastergrad. Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet.
  • gode kommunikasjonsevner.
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
  • gode IT-kunnskapar, med vekt på Excel.
  • erfaring frå undervisningsplanlegging og praktisering av arbeidstidsregler for vitskapeleg tilsette.
  • det er ein fordel med erfaring frå utviklingsarbeid og prosjektarbeid.

Vi ser etter søkarar som:

  • har evne til å arbeide målretta og strukturert.
  • er analytisk og kan stille samen store mengder data på en lettfatteleg måte .
  • er sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert.
  • trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver.
  • er serviceinnstilte.
  • har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • lønn frå kr 516 100 til kr 626 100 per år, avhengig av kompetanse for stilling som rådgjevar
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV

Søknad med vedlegg må sendes inn via vårt elektroniske rekrutteringssystem, klikk “Søk stillinga”.

Andre opplysningar

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønsker UiO at medarbeidarane i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søke stillinga. Som IA-bedrift vil vi legge til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga:

For spørsmål om rekrutteringsprosessen:

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS