Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Rådgjevar i studieseksjonen - Det samfunnsvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 31.05.2020

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo er det største samfunnsvitskaplege fagmiljø i Noreg og rangert som nummer to i Norden. Fakultetet har ei rekkje forskingsmiljø som er leiande internasjonalt, og har hatt to Nobelprisvinnarar. Vi har 460 tilsette og 5300 studentar. Fakultetet tilbyr 22 studieprogram på bachelor- og masternivå, 2 profesjonsutdanningar og ph.d.-program innan 7 studieretningar.

Det samfunnsvitskaplege fakultet, Fakultetsadministrasjonen, har ledig stilling som rådgjevar (SKO 1434).

Ønskjer du å jobbe i ein organisasjon med utfordrande arbeidsoppgåver og moglegheit for personleg utvikling?

Arbeidsoppgåvene omfattar å vere brukarstøtte og gje opplæring i FS og Inspera, koordinering og sakshandsaming av programendringar i fakultetet sine studietilbod, oppfølging og kvalitetssikring av regelverket for eksamensgjennomføringa og sakshandsaming av klagesaker på formelle feil ved eksamen. I tillegg må rådgjevaren rekne med å få andre oppgåver etter nærare avtale med leiar, avhengig av interesse og kompetanse.

Stillinga er lagt til studieseksjonen ved fakultetet. Studieseksjonen har 16 tilsette og er eit serviceorgan for institutta. Til stillinga ligg det difor eit ansvar for vidareutvikling av effektive rutinar, noko som krev evne til samarbeid på tvers av einingane.

Arbeidsoppgåver

  • Vere brukarstøtte og gje opplæring i det studieadministrative systemet Felles studentsystem (FS) og det digitale eksamenssystemet Inspera
  • Utvikling av rutinar og koordinering av fakultetet sitt arbeid med FS og eksamen
  • Koordinering og sakshandsaming av programendringar i fakultetet sine studietilbod
  • Sakshandsaming av klagar på formelle feil ved eksamen
  • Oppfølging og kvalitetssikring av regelverket for eksamensgjennomføringa

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum svarande til mastergrad. Dokumentert realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan kompensere for utdanningskravet
  • Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk er ein føresetnad
  • God digital kompetanse

Ønskeleg kompetanse/erfaring

  • Røynsle med forvalting av tilsvarande arbeidsoppgåver vil bli tillagt vekt
  • Kjennskap til FS og Inspera er ein fordel
  • Det vert lagt avgjerande vekt på om du er personleg eigna for stillinga

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som

  • er tydeleg, utåtvent og initiativrik
  • arbeider sjølvstendig og har dokumentert god gjennomføringsevne
  • har god rolleforståing og evne til samhandling
  • er analytisk, service- og utviklingsorientert
  • er effektiv samstundes som du leverer arbeid av høg kvalitet

Vi tilbyr

  • Løn som rådgjevar kode 1434 fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 523 200-627 700 NOK. Lønnsplassering er avhengig av røynsle og kompetanse.
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • Evt. vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om faglig innhold:

  • Ass. fakultetsdirektør: Karen Marie Pound Davies, tlf: 22 85 42 43, e-post: [email protected]

For spørsmål om elektronisk søknad:

Søk på stillingen