Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Produsent / lydteknikar (rådgivar SKO 1434) til Norgeshistorie

Søknadsfrist: 10.10.2022

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) er satt saman av tre fag som på kvar sin måte granskar fortida. Instituttet har eit internasjonalt orientert miljø i arkeologi, den einaste konserveringutdanninga i landet og det største historikarmiljøet i Norden. Instituttet har i underkant av 100 tilsette, inklusive stipendiatar og postdoc. Undervisninga omfattar arkeologi frå steinalderen til mellomalderen, gjenstands- og malerikonservering, og historie frå antikken til vår tid.

Institutt for arkeologi, konservering og historie

Om stillinga

Ei midlertidig 3-årig stilling som rådgivar SKO 1434 er ledig ved Institutt for arkeologi, konservering og historie.

Vi søkjar ein produsent/lydteknikar til Norgeshistorie sine radio – og podkastserier.

Arbeidsoppgåver

  • innhold- og teknisk produksjon av radio- og podkastserier
  • research og utvikling av faglig innhold til manus for publisering på radio, podkast og nett
  • casting av medvirkende til radioserier og podkast
  • utvikle lyddesign og redigere radio- og podkastserier i Pro Tools
  • innhenting og tilrettelegging av bilder, musikk og grafisk materiale
  • skrive programomtaler, rubrikkinformasjon og korte tekster til nett
  • evaluere innhold og arbeidsprosesser

Det kan bli lagt også andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning minimum tilsvarande bachelornivå (men ein fordel med mastergrad i historie, arkeologi eller et annet humanistisk fag). Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
  • det er ein fordel med relevant erfaring frå tilsvarande arbeid (innanfor universitets- og høgskulesektoren)
  • omfattande relevant erfaring og spesialkompetanse på høgt nivå (tilpassa funksjonane i stillinga) som gjeldar
    • erfaring frå redaktørarbeid
    • erfaring fra gjennomføring av profesjonelle lydopptak med høy kvalitet
    • gode kunnskaper om redigeringsprogram for lyd. Det er en fordel med erfaring med Pro Tools
    • erfaring med formidling av faglig innhold med dramaturgi
    • erfaring med produksjon av lyddesign
  • gode kommunikasjonsevner
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • gode IT-kunnskapar

Vi ser etter søkarar som:

  • har god forståelse for arbeid med forskningsformidling
  • har god journalistisk teft
  • har erfaring med team- og prosjektarbeid
  • er sjølvstendige, initiativrike og løysingsorienterte
  • trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
  • har evne til å arbeide målretta og strukturert
  • er serviceinnstilte og liker å jobbe med menneske
  • har godt humør og gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • avhengig av kompetanse lønn frå kr 534 900,- til kr 636 700,- per år, avhengig av kompetansefor stilling som rådgivar
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, klikk "Søk stillinga".

Andre opplysningar

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønsker UiO at medarbeidarane i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søke stillinga. Som IA-bedrift vil vi legge til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

  • Administrativ leder Lin Malin Ullern, tlf: +47 22840347, e-post: l.m.ullern@iakh.uio.no
  • Seniorrådgiver Ellen Cathrine Lund, tlf: +47 22856194, e-post: e.c.lund@iakh.uio.no
  • Personalrådgiver Hilde Kristine Sletner, e-post: h.k.sletner@hf.uio.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS