Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Ph.d.-rådgjevar i studieseksjonen - Det samfunnsvitskaplege fakultet (2. gangs utlysning)

Søknadsfrist: 06.02.2021

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo er det største samfunnsvitskaplege fagmiljø i Noreg og rangert som nummer to i Norden. Fakultetet har ei rekkje forskingsmiljø som er leiande internasjonalt, og har hatt to Nobelprisvinnarar. Vi har 460 tilsette og 5300 studentar. Fakultetet tilbyr 22 studieprogram på bachelor- og masternivå, 2 profesjonsutdanningar og ph.d.-program innan 7 studieretningar.

Om stillinga

Det samfunnsvitskaplege fakultet, Fakultetsadministrasjonen, har ledig eit toårig vikariat som ph.d.-rådgjevar (SKO 1434), med moglegheit for forlenging.

Ønskjer du å jobbe i ein organisasjon med utfordrande arbeidsoppgåver og moglegheit for personleg utvikling?

Rådgjevaren er koordinator for fakultetet sin ph.d.-sommarskule «Oslo Summer School for Social Sciences» som vert arrangert i månadsskiftet juni/juli kvart år. Rådgjevaren har også ansvar for avslutningsfasen i ph.d.-programmet, og for kvalitetssikring av utdanningsplanar og produksjon av vitnemål. Dette inneber å sørge for god dialog og informasjonsflyt mellom fakultetet, institutta og universitetet sentralt.

Arbeidsoppgåvene omfattar også administrasjon av nasjonal forskarkursportal for samfunnsvitskaplege fag, gjennomføring av årlege arrangement som Eilert Sundt-forelesinga, emeritimiddag og saksbehandling knytt til fond og legat. I tillegg må rådgjevaren regne med å få andre oppgåver etter nærare avtale med leiar, avhengig av interesse og kompetanse.

Stillinga er lagt til studieseksjonen ved fakultetet. Studieseksjonen har 16 tilsette og er eit serviceorgan for institutta. Til stillinga ligg det difor eit ansvar for vidareutvikling av effektive rutinar, noko som krev evne til samarbeid på tvers av einingane.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre, evaluere og vidareutvikle fakultetet si ph.d.-sommarskule
  • Vere brukarstøtte og gje opplæring i det studieadministrative systemet Felles studentsystem (FS) og det digitale eksamenssystemet Inspera
  • Ansvar for avslutningsfasen og rådgjeving for andre saksbehandlarar ved fakultetet i samband med avslutningsfasen i ph.d.-programmet
  • Vidareutvikle og utforme regelverk og saksgang i samband med avslutningsfasen i ph.d.-programmet
  • Kvalitetssikre utdanningsplanar og vitnemål i ph.d.-programmet
  • Kvalitetssikre rutinar og opptak av ph.d.-kandidatar med internasjonal bakgrunn
  • Svare på spørsmål frå søkjarar til ph.d.-programmet
  • Hjelpe til med vidareutvikling og administrasjon av nasjonal forskarkursportal for samfunnsvitskaplege fag
  • Gjennomføre årlege arrangement: Eilert Sundt-forelesing, emeritimiddag osv.
  • Saksbehandling kring fond og legat

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum svarande til mastergrad. Dokumentert realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan kompensere for utdanningskravet
  • Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk er ein føresetnad
  • Røynsle med forvalting av tilsvarande arbeidsoppgåver
  • God digital kompetanse

Ønskeleg kompetanse/erfaring

  • Kjennskap til FS og Inspera er ein fordel
  • Det vert lagt avgjerande vekt på om du er personleg eigna for stillinga

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som

  • er tydeleg, utåtvent og initiativrik
  • arbeider sjølvstendig og har dokumentert god gjennomføringsevne
  • har god rolleforståing og evne til samhandling
  • er analytisk, service- og utviklingsorientert
  • er effektiv samstundes som du leverer arbeid av høg kvalitet

Vi tilbyr

  • Løn som rådgjevar kode 1434 fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 526 000-630 500 NOK. Lønnsplassering er avhengig av røynsle og kompetanse.
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • Relevante vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om faglig innhold:

  • Ass. fakultetsdirektør: Karen Marie Pound Davies, tlf: 22 85 42 43, e-post: [email protected]

For spørsmål om elektronisk søknad - Personalrådgiver Anders Haave, tlf. 94 32 23 50, e-post: [email protected]

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS