Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Rådgivar / seniorrådgivar - Det humanistiske fakultet

Søknadsfrist: 14.02.2021

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er det største humanioramiljøet i Noreg og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden.

Fakultetet har om lag 6000 studentar og tilbyr 14 bachelorprogram, 22 masterprogram, 18 årseiningar og meir enn 70 fag innanfor områda språk, kultur, historie, medium, litteratur og idéfag. På Det humanistiske fakultetet jobbar i overkant av 700 tilsette på sju institutt, to senter og ein fakultetsadministrasjon. HF er vertsfakultet for den tverrfakultære satsinga UiO:Norden, og har òg to senter for framifrå forsking (SFF).

Studieseksjonen ved Det humanistiske fakultet (HF) lyser ut ei 100% fast stilling som rådgivar/ seniorrådgivar med oppgåver tilknytt godkjenning og vurdering av utanlandsk utdanning.

Vi søker ein kollega som vil bidra til å realisere fakultetet sitt strategiske mål om å vidareutvikle og styrke det internasjonale utdanningssamarbeidet. Godkjenningsfeltet er ein viktig del av dette arbeidet og krev spisskompetanse, kontinuerleg oppdatering og interesse for utanlandsk utdanning og internasjonale kvalifikasjonar.

Som tilsett i denne stillinga inngår du i eit team på tre personar som samarbeider breitt med andre seksjonar og institutt ved HF, øvrige fakultet og Seksjon for opptak ved UiO. Stillinga er sentral i dette teamet, og du vil ha moglegheit til å påverke og utvikle godkjenningsfeltet ved HF.

Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø med kompetente og engasjerte medarbeidarar i fakultetsadministrasjonen vår.

Arbeidsoppgåver

  • saksbehandling av søknadar om godkjenning av utanlandsk utdanning
  • vurdering av utanlandsk utdanning i samband med masteropptak og PhD-tilsetjingar
  • policy- og utgreiingsarbeid på feltet utanlandsk utdanning
  • utvikling av rutinar i tråd med UiOs retningslinjer, nasjonalt regelverk og internasjonale konvensjonar

Kvalifikasjonskrav

  • det krevst høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelornivå. Annan dokumentert relevant realkompetanse vil kunne erstatte utdanningskravet
  • saksbehandlings-, utgreiings- og /eller utviklingserfaring
  • svært god skriftleg og munnleg kompetanse i norsk og engelsk
  • gode IT-kunnskapar

Ved utveljing av søkarar til intervju vil det i tillegg bli lagt vekt på følgjande kvalifikasjonar:

  • kompetanse innan og interesse for utanlandsk utdanning og internasjonale kvalifikasjonar
  • erfaring med vurdering av utanlandsk utdanning, gjerne frå utdanningsinstitusjon, departement, eller andre verksemder innanfor opplærings- eller utdanningssektoren
  • god kjennskap til konvensjonar, lover og forskrifter som gjeld for vurdering av utanlandsk utdanning
  • lesekompetanse i eitt eller fleire sentrale europeiske språk (f.eks. tysk, fransk, spansk)

Det vil bli lagt vekt på om søkaren er godt personleg skikka for stillinga.

Andre studieadministrative oppgåver kan bli lagt til stillinga.

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som:

  • er serviceinnstilt og løysingsorientert og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er initiativrik, sjølvstendig, systematisk og nøyaktig
  • trivst med varierte oppgåver og høgt tempo
  • tar ansvar og har evne til å leie, koordinere og presentere

Vi tilbyr

  • lønn som rådgivar (SKO 1434) kr 535 200 til kr 597 000 per år eller som seniorrådgivar (SKO 1364) kr 575 600 til kr 670 100 per år. Lønn blir fastsett ut frå kompetanse for stilling som rådgivar eller seniorrådgivar
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar.
  • moglegheit for trening i arbeidstida.
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse.

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via det elektroniske rekrutteringssystemet vårt, klikk “Søk stillinga”.

Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.

Andre opplysningar

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS