Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

EILIN-koordinator (rådgjevar / seniorrådgjevar)

Søknadsfrist: 07.10.2024

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Fakultetsadministrasjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet støttar einingane i den daglege drifta og har samstundes eit overordna koordineringsansvar for heile fakultetet.

Fakultetsadministrasjonen er delt i fire seksjonar; Seksjon for studie, Seksjon for økonomi, Seksjon for HR og Seksjon for forsking og kommunikasjon. Fakultetet vert administrativt leia av fakultetsdirektøren, med dekanen som leiar av heile fakultetet. Fakultetsadministrasjonen har til saman rundt 65 tilsette.

Ledig stilling som EILIN-koordinator (rådgjevar/seniorrådgjevar)

Om stillinga

Vi søkjer ein nysgjerrig, initiativrik og samarbeidsorientert medarbeidar i 100% stilling som rådgjevar og koordinator for Læringsnettverket EILIN ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet. Læringsnettverket EILIN er ei fagnær teneste for pedagogikk og IT/AV i utdanning ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet. 

EILIN er eit strategisk verktøy og pådrivar for studiekvalitet ved SV-fakultetet. EILIN består av to faste medarbeidarar og fleire studentstillingar. Her kan du lese meir om Læringsnettverket EILIN

Som koordinator vil du ha ansvaret for å drive og vidareutvikle EILIN som ein dynamisk og endringsorientert organisasjon, og operasjonalisere fakultetet sin strategi knytt til utdanning. Du vil samarbeide tett med utdanningsleiarar, administrasjon, studentar og undervisarar på fakultetet sine einingar. Fagleg ligg stillinga under verkeområdet til prodekan for studiar. Du vil i tillegg vere knytt til UiOs sentrale kompetansemiljø for pedagogikk og IT i utdanning, og inngå i nettverk med dei andre fakultetsbaserte pedagogiske støtteeiningane.

Arbeidsoppgåver

  • Operasjonalisere og setje i verk tiltak innan fakultetet sine strategiske område i samarbeid med prodekan for studiar 
  • Initiere, støtte opp om og vidareutvikle pedagogiske utviklingsprosjekt på tvers av faggrenser
  • Koordinere og leggje til rette for erfaringsdeling og samarbeid om utdanning 
  • Bidra i utforming av læringsdesign og utforske innovative læringsformer og -teknologiar
  • Samle og tilgjengeleggjere forskings- og erfaringsbasert kunnskap om universitetspedagogikk 
  • Organisere kurs, workshops og opplæring for fakultetet sine tilsette 
  • Leie studentteam og nettverk 
  • Identifisere, formidle og koordinere fakultetet sine behov innan pedagogikk og IT i utdanning opp mot sentrale støttefunksjonar ved UiO 

Kvalifikasjonskrav 

  • Minimum bachelorgrad, fortrinnsvis mastergrad frå universitet eller høgskule. For innplassering som seniorrådgiver kreves mastergrad.
  • Erfaring frå UH-sektoren 
  • Erfaring frå arbeid med eller utdanning innan pedagogikk 
  • Erfaring med å leie menneske, prosessar og/eller prosjekt 
  • Erfaring med å koordinere og samarbeide med sjølvstendige og dyktige fagpersonar 
  • Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Ønskeleg kompetanse/erfaring:

  • Kjennskap til samfunnsvitskapane 
  • Erfaring med læringsteknologi 
  • Erfaring frå UiO, gjerne frå instituttnivå

Personlege eigenskapar

  • Du er ein pådrivar som skaper tillit, og som kan inspirere og engasjere andre 
  • Du har svært gode samarbeidsevner 
  • Du har god formidlingsevne
  • Du er strukturert, har oversikt og god system- og verksemdsforståing 
  • Du likar endring, er omstillingsdyktig og god til å prioritere 
  • Dette er eit felt i utvikling, og du må difor vere villig til å lære på eige initiativ, og raskt setje deg inn i nye fagområde, teknologiar og metodar 
  • Du trivst med høgt tempo og parallelle og skiftande arbeidsoppgåver

Vi tilbyr

Innplassering i stilling som rådgjevar eller seinorrådgjevar avhengig av utdanning, kompetanse og erfaring.

  • Løn som rådgjevar, SKO 1434 fastset i eit spenn mellom kr. 646 000 - 720 100
  • Løn som seniorrådgjevar SKO 1364, fastset i eit spenn mellom kr. 692 400 - 821 100 
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Relevante vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge innen 7. oktober 2024.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. 

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. 

Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS