Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Postdoktorstipendiat i psykolingvistikk med eit fokus på taleproduksjon

Søknadsfrist: 31.08.2021

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) er eit senter for framifrå forsking (SFF) under Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) ved Det humanistiske fakultet. Senteret har også status som eitt av fem verdsleiande miljø ved Universitetet i Oslo, og er i ferd med å bygge opp eit sosiokognitivt laboratorium. MultiLing sitt mål er å bidra med kunnskap om fleirspråklegheit hjå individet og i samfunnet i eit livsløpsperspektiv, og gjennom det belyse dei moglegheitene og utfordringane fleirspråklegheit representerer for individet i familien, skulen, andre institusjonar, og i samfunnet som heilskap. Staben består av 40 tilsette frå 15 forskjellige land. MultiLing har i tillegg eit stort nettverk av nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar som arbeider med fleirspråklegheit ved ei rekke forskingsinstitusjonar.

Senter for fleirspråklegheit (MultiLing)

Om stillinga

Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium på Universitetet i Oslo tek imot søknadar for ei toårig postdoktorstilling (SKO 1352) innan psykolingvistikk med oppstart i oktober 2021.

MultiLing er eit Senter for framifrå forsking (SFF) finansiert av Noregs forskingsråd (2013-2023). MultiLing har som mål å auke kunnskapen om fleirspråklegheit i eit livslaupsperspektiv, knytt til tre overordna tema, tema 1: fleirspråkleg kompetanse, tema 2: fleirspråkleg praksis, og tema 3: fleirspråklegheit, ideologiar og språkpolitikk (for meir informasjon, sjå linken). Forskingsstrategiplanen for den andre femårsperioden til MultiLing (2018 – 2023) finst her.

MultiLing ønskjer å rekruttere ein postdoktorkandidat med utsøkte forskarkvalifikasjonar som vil samarbeide med MultiLing sine forskarar om forsking, som skildra i senterets Forskingsstrategiplan. Stillinga er knytt til MultiLing sitt Tema 1, fleirspråkleg kompetanse, og meir spesifikt til eit prosjekt om «individ-spesifikk presisjon i taleproduksjon over tid og på tvers av språk», leia av dr. Natalia Kartushina i samarbeid med Professor James Flege (University of Alabama at Birmingham) og dr. Clara Martin (BCBL, Spania).

Den utvalde kandidaten er forventa å ta del i forskarmiljøet til MultiLing og bidra til å utvikle det. Den utvalde kandidaten er forventa å styrke dei relevante forskingsområda som er skildra ovanfor, delta i ulike arbeidsseminar, konferansar, og aktivitetar organiserte av MultiLing, samt vere eit aktivt medlem av senteret sitt team i Oslo.

Meir om stillinga

Den utvalde kandidaten vil arbeide tett med Natalia Kartushina (prosjektleiar) for å undersøke intern taleproduksjonsvariasjon i morsmål og ikkje-morsmål (hos høvesvis einspråklege og tospråklege), og kor stabil denne variasjonen er på tvers av tid og språk. Prosjektet tar sikte på å svare på følgande spørsmål: Kva bestemmer denne variasjonen? Og kor stabil er den over tid?

Det er forventa at søkjaren leverer ei sjølvstendig forskarprosjektskisse om individ-spesifikk presisjon i taleproduksjon. Vi er særleg interesserte i prosjekt som brukar eit tverrspråkleg perspektiv (t.d. norsk, engelsk, spansk). Likevel vil prosjekt som fokuserer på eit av dei tidlegare nemnde språka også bli vurderte.

Tilsettinga gjeld for ein periode på to år med oppstart oktober 2021. Postdoktorstillingar har som hovudmål å kvalifisere for arbeid i vitskapelege toppstillingar i det relevante forskingsområdet.

Kvalifikasjonar

  • Kandidaten bør ha ein doktorgrad eller tilsvarande innan lingvistikk, psykologi, lyd-ingeniørfag eller ein annan relevant disiplin som er relatert til prosjektet
  • Erfaring i arbeid med taleprosessering eller akustiske analysar (f.eks. Praat, Matlab, Audacity)
  • Solid bakgrunn i statistikk (t.d. i R)
  • Ambisjonar om forsking av høg kvalitet innan prosjektet. (Forskarprosjektskissa skal innehalde motivasjon og forklaring på korleis søkjaranes kvalifikasjonar er relaterte til prosjektet)
  • Framifrå skriftleg og munnleg kompetanse i engelsk

Ein fordel, men ikkje eit krav er:

  • Erfaring med forsking på L1/L2 språkutvikling/tileigning
  • Røynsle med open vitskap
  • Erfaring med koding t.d. R, Matlab) er ein stor fordel
  • Kjennskap til norsk (eller eit skandinavisk språk) er eit stort pluss

Vi søkjer sterkt motiverte og kompetente kandidatar med høge akademiske kvalifikasjonar innan det relevante forskingsområdet.

I evalueringa av søknadane vil følgande bli vektlagt:

  • Den vitskaplege kvaliteten til prosjektet, og relevansen i høve til forsking og innovasjon
  • Søkjaren sine akademiske og personlige kvalifikasjonar for å fullføre prosjektet på normert tid
  • Prosjektskildringas kvalitet og relevans for prosjektet
  • Personlege føresetnader og motivasjon for stillinga
  • Søkjaren si internasjonale erfaring og nettverk
  • Gode evner til samarbeid og til å gå inn i faglege fellesskap i og på tvers av disiplinar
  • Entusiasme for temaet

We offer

  • Løn NOK 526 000 – 608 200 per år avhengig av kompetanse i stillinga som postdoktor (SKO 1352)
  • Moglegheit til å delta på konferansar, kurs og arbeidsseminar
  • Eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar og pensjonsordningar

Korleis søkje

Søknaden må innehalde:

  • Søknadsbrev som skildrar søkjaren sine kvalifikasjonar og motivasjon for stillinga i forhold til prosjektet
  • Curriculum Vitae (ei fullstendig liste over utdanning, tilsettingar, undervisningserfaring, administrativ erfaring og andre kvalifiserande aktivitetar, samt ei fullstendig liste over publikasjonar)
  • Prosjektskildring som inkluderer ein detaljert framdriftsplan for prosjektet (3-5 sider, sjå Mal for prosjektskildring)

Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt elektroniske rekrutteringssystem.

Ver venleg å merke at alle dokument må vere på engelsk.

Publikasjonar, masteroppgåver eller doktoravhandlingar og liknande skal ikkje leverast med søknaden, men søkjarar kan bli spurde om å levere denne type informasjon eller arbeid på eit seinare tidspunkt.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju på Universitetet i Oslo, eller digitalt via Skype. Det er forventa at den utvalde kandidaten vil klare å fullføre prosjektet innan arbeidsperioden på to år.

Andre opplysningar

Vi viser til forskrift om tilsettingsvilkår, og retningslinjer for søknadsprosess og tilsetting i stipendiatstillingar ved Universitetet i Oslo.

Ingen kan vere tilsett som postdoktorstipendiat i meir enn ein periode ved Universitetet i Oslo.

Ut frå Offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjorde sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå på søkjarlista.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Contact information

For spørsmål om stillinga: Prosjektleiar Natalia Kartushina

For spørsmål om MultiLing: Senterleiar Elizabeth Lanza Elizabeth Lanza

For spørsmål om rekrutteringsprosessen: personalkonsul Steffen Remvik

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS