Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Postdoktorstipendiat i tidleg språkutvikling

Søknadsfrist: 31.08.2021

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) er eit senter for framifrå forsking (SFF) under Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) ved Det humanistiske fakultet. Senteret har også status som eitt av fem verdsleiande miljø ved Universitetet i Oslo, og er i ferd med å bygge opp eit sosiokognitivt laboratorium. MultiLing sitt mål er å bidra med kunnskap om fleirspråklegheit hjå individet og i samfunnet i eit livsløpsperspektiv, og gjennom det belyse dei moglegheitene og utfordringane fleirspråklegheit representerer for individet i familien, skulen, andre institusjonar, og i samfunnet som heilskap. Staben består av 40 tilsette frå 15 forskjellige land. MultiLing har i tillegg eit stort nettverk av nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar som arbeider med fleirspråklegheit ved ei rekke forskingsinstitusjonar.

Senter for fleirspråklegheit (MultiLing)

Om stilling

Ei toårig stilling som postdoktorstipendiat (SKO 1352), fullfinansiert gjennom ei FRIPRO-tildeling frå Noregs forskingsråd, er tilgjengeleg hos Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo.

Stipendiatstillinga er knytt til eit forskarprosjekt på MultiLing:, " BABYLEARN: Tidleg språkutvikling hos norske barn»," leia av dr. Natalia Kartushina i samarbeid med professor Julien Mayor (Fagavdeling for helse-, utviklings- og personlegdomspsykologi, Psykologisk institutt, UiO) og dr. Alejandrina Cristia (CNRS, Laboratoire de Sciences Cognitives et Psycholinguistique, École Normale Supérieure, Paris). Ei kort skildring av prosjektet er tilgjengeleg her.

MultiLing er eit Senter for framifrå forsking (SFF) finansiert av Noregs forskingsråd (2013-2023). MultiLing har som mål å auke kunnskapen om fleirspråklegheit i eit livslaupsperspektiv, knytt til tre overordna tema, tema 1: fleirspråkleg kompetanse, tema 2: fleirspråkleg praksis, og tema 3: fleirspråklegheit, ideologiar og språkpolitikk (for meir informasjon, sjå http://www.hf.uio.no/multiling/).

Meir om stillinga

Den utvalde kandidaten vil arbeide tett med Natalia Kartushina (prosjektleiar) og ein ph.d.-kandidat for å undersøke dei akustiske eigenskapane ved spedbarnsretta tale og deira rolle i språkutviklinga til 6-18 månader gamle norske spedbarn. Den utvalde kandidaten vil særleg vere involvert i å utføre akustiske analysar av foreldretale, samt kalkulering av ei rekke tradisjonelle målingar for å beskrive spedbarnsretta tale. I tillegg vil kandidaten gjere målingar for å vurdere kvaliteten og klarleiken i taleproduksjon (f.eks. lydsærpreg, kategoripresisjon).

Det er forventa at søkjarane leverer ei oppsummering av det akademiske arbeidet og forskarinteressene deira, og viser korleis desse passar inn i prosjektet som heilskap.

Tilsettinga gjeld for ein periode på to år med oppstart november-desember 2021. Postdoktorstillingar har som hovudmål å kvalifisere for arbeid i vitskapelege toppstillingar i det relevante forskingsområdet.

Kvalifikasjonar

  • Kandidaten bør ha ein doktorgrad eller tilsvarande innan lingvistikk, psykologi, språkvitskap, lydingeniørfag eller ein annan disiplin som er relevant for prosjektet
  • Erfaring i arbeid med taleprosessering eller akustiske analysar (f.eks. Praat, Matlab, Audacity)
  • Solid bakgrunn i statistikk (f.eks. i R)
  • Ambisjonar om forsking av høg kvalitet innanfor prosjektet, som vist i den nemnde oppsummeringa av akademisk arbeid og forskarinteresser
  • Framifrå skriftleg og munnleg kompetanse i engelsk

Vi søkjer sterkt motiverte og kompetente kandidatar med framifrå kvalifikasjonar innan det relevante forskingsområdet.

I evalueringa av søknadane vil følgjande bli vektlagt:

  • Søkjaren sine akademiske og personlege kvalifikasjonar for å fullføre prosjektet på normert tid
  • Kvaliteten på oppsummeringa av akademisk arbeid/forskarinteresser og relevansen for prosjektet
  • Personlege føresetnader og motivasjon for stillinga
  • Søkjaren si internasjonale erfaring og nettverk
  • Gode samarbeidseigenskapar og evne til å gå inn i faglege fellesskap i og på tvers av disiplinar
  • Entusiasme for prosjektet

Ein fordel, men ikkje eit krav er:

  • Erfaring med forsking på språkutvikling/tileigning
  • Røynsle med open vitskap
  • Erfaring med koding (f.eks. R, Matlab, Python) er ein stor fordel
  • Kjennskap til norsk (eller eit skandinavisk språk) er eit stort pluss

Vi tilbyr

  • Løn NOK 526 000-608 200 per år avhengig av kompetanse i stillinga som postdoktor (SKO 1352)
  • Moglegheit til å delta på konferansar, kurs og arbeidsseminar
  • Eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar og pensjonsordningar

Korleis søkje

Søknaden må inkludere:

  • Søknadsbrev (som skildrar motivasjon for stillinga, summerer akademisk arbeid og forskarinteresse i forhold til prosjektet)
  • Curriculum Vitae (ei fullstendig liste over utdanning, tilsettingar, undervisningserfaring, administrativ erfaring)

Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt elektroniske rekrutteringssystem.

Ver venleg å merke at alle dokument må vere på engelsk.

Publikasjonar, masteroppgåver eller doktoravhandlingar og liknande skal ikkje leverast med søknaden, men søkjarar kan bli spurde om å levere denne type informasjon eller arbeid på eit seinare tidspunkt.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju på Universitetet i Oslo, eller digitalt. Det er forventa at den utvalde kandidaten fullfører prosjektet innan arbeidsperioden på to år.

Andre opplysningar

Vi viser til forskrift om tilsettingsvilkår, og retningslinjer for søknadsprosess og tilsetting i stipendiatstillingar ved Universitetet i Oslo.

Ingen kan vere tilsett som postdoktorstipendiat i meir enn ein periode ved Universitetet i Oslo.

Ut frå Offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjorde sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå på søkjarlista.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Kontaktpersonar

For spørsmål om stillinga: Prosjektleiar Natalia Kartushina

For spørsmål om MultiLing: Senterleiar Elizabeth Lanza Elizabeth Lanza

For spørsmål om rekrutteringsprosessen: Personalkonsulentr Steffen Remvik

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS