Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Forskingsrådgjevar / -konsulent - Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi (ISS)

Søknadsfrist: 26.01.2020

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi (ISS) er den fremste lærestaden i landet for sosiologi og samfunnsgeografi med forsking, undervising og formidling på høgste nivå. Instituttet tilbyr fire bachelorprogram og tre masterprogram. Det som kjenneteiknar vårt miljø er breidde, vedrørande tema og metodar, og at våre lærarar er høgt kvalifiserte forskarar. Det er ein god kjønnsbalanse i den vitskaplege staben, som omfattar 35 fast vitskapleg tilsette, omlag 40 stipendiatar og postdoktorar, og 12 tilsette i administrasjonen. ISS har totalt 80 kandidatar på PhD-programmet og 1500 registrerte studentar.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi (ISS) har ledig ei fast stilling som forskingsrådgjevar/-konsulent (rådgjevar SKO 1434/seniorkonsulent SKO 1363). ISS er eit institutt med mange aktive forskarar, som arbeider med dei store samfunnsutfordringane som klima og miljø, migrasjon og ulikheit.

Ekstern finansering er eit prioritert område ved ISS. Du vil inngå i eit team for forskarstøtte på tre personar med teamleiar, som støttar opp om denne verksemda. Du vil for øvrig inngå i instituttet sin administrasjon på 12 personar. I tillegg deltek stillingsinnehavaren i det forskingsadministrative nettverket ved Det samfunnsvitskaplege fakultet (FANE-nettverket).

Den som vert tilsett får det administrative ansvaret for deler av instituttet si prosjektportefølje. Instituttet har ei stor portefølje, inkludert ERC-prosjekt, og har høg søknadsaktivitet retta mot særleg EU og Norges Forskningsråd (NFR).

Arbeidsoppgåver

  • Prosjektutvikling og utforming av søknader og budsjett i tett samarbeid med prosjektleiar og prosjektøkonom
  • Prosjektoppfølging som kontraktsinngåing og rapportering til finansiører
  • Prosjektdrift (timelister og andre dokumentasjonskrav frå EU, økonomioppgåver)
  • Hjelpe til med å arrangere konferansar og seminar
  • Oppfølging av gjesteforskarar og vitskaplege assistentar på prosjekt

Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett held seg fagleg oppdatert og bidreg til fagleg utvikling av feltet. Du vil få tilgang til eit breitt kompetansetilbod innan forskarstøtte gjennom UiO, NFR og NARMA.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande mastergrad. Dokumentert, relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet. Relevant erfaring frå forskingsadministrasjon, inkludert.
  • Erfaring med prosjektsøknader til Forskingsrådet og EU.
  • Erfaring med administrasjon og drift av prosjekt med ekstern finansiering.
  • God kjennskap til budsjettering og rekneskap.
  • Interesse for samfunnsvitskap.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk er ein føresetnad.

For tilsetting som rådgjevar krevs erfaring med rådgjeving overfor forskarmiljø, evne til å bidra til utforming av søknader og erfaring med administrasjon av EU-prosjekt.

Personlege eigenskapar

Me søkjer etter deg som:

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • har evne til å handtere mange og ulike oppgåver i eit hektisk miljø
  • tek ansvar og kan jobbe sjølvstendig, systematisk og effektivt
  • kan syne engasjement og initiativ, og har evne til å motivere forskarar
  • har god talkjensle
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • seniorkonsulent løn frå kr. 488.000 til kr. 583.900/rådgjevar løn frå kr. 523.200 til kr. 627.700 per år, avhengig av kompetanse.
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Relevante vitnemål og attestar
  • Liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen