Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Forskingsassistent - ARENA Senter for europaforskning

Søknadsfrist: 21.11.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


ARENA Senter for europaforsking er eit forskingssenter ved Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo. Senteret har som hovudmål å vidareutvikla miljøet som eit nasjonalt tyngdepunkt for forsking på politisk integrasjon i Europa og som eit av dei leiande sentra på dette området internasjonalt. ARENA koordinerer og deltek i fleire internasjonale forskarnettverk og prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd og EU sitt Horisont 2020-program. Sjå våre nettsider for meir informasjon om dei ulike fagfelta ARENA forskar på.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

ARENA Senter for europaforskning har ledig ei stilling (100 %) som forskingsassistent (SKO 1020). Stillinga er ledig omgåande. Tilsettinga er mellombels for ei periode på to år.

ARENA er eit forskingssenter ved Det samfunnsvitskapelege fakultet ved Universitetet i Oslo. Senteret har som hovudmål å vidareutvikle miljøet som eit nasjonalt tyngdepunkt for forsking på politisk integrasjon i Europa og som eit av dei leiande sentra på dette området internasjonalt.

ARENA koordinerer og deltek i fleire internasjonale forskingsprosjekt og nettverk finansiert av EU sitt Horisont 2020-program og Noregs forskingsråd. I 2019 har vi to større nystarta prosjekt EU Differentiation, Dominance and Democracy (EU3D) og Differentiation: Clustering Excellence (DiCE). EU3D er eit prosjekt koordinert av ARENA-professor John Erik Fossum med ti europeiske partnarar. Forskinga ser nærare på politiske reformer og debattar i eit differensiert Europa. DiCE er eit prosjekt som tek sikte på å spreie kunnskapen frå EU3D og tilsvarande prosjekt i brei forstand. Assistenten vil i all hovudsak arbeide med gruppa av forskarar og administrativt tilsette på desse to prosjekta.

Meir om stillinga

Arbeidsoppgåvene vil vere varierte, men med nokre hovudfokus: For DiCE-prosjektet vil assistenten vere med på å bygge opp ein omfattande nettbasert database over forsking og forskarar innanfor prosjektet sine tema. For EU3D-prosjektet vil ei sentral oppgåve vere klargjering av vitskaplege manuskript til artiklar, bøker og prosjektet sin eigen working paper- og rapportserie (språkredigering, litteratursjekk, formatering og publisering). Forskingsassistenten vil også delta i innsamling og analyse av data frå ulike debattar i media og parlament.

For begge prosjekta vil arbeidet omfatte støtte til organisering av ulike arrangement, noko forskingsadministrasjon, formidling og nettpublisering, i tillegg til andre praktiske oppgåver.

Vi søker ein person med erfaring og interesse for desse oppgåvene og gjerne for prosjekta sine forskingsfelt. Opplæring vert gitt.

Arbeidsspråket på ARENA er engelsk men det er også naudsynt med god kunnskap i norsk/svensk/dansk for å kunne utføre koding og analyse av debattar i Skandinavia.

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad innanfor samfunnsfag, jus eller humaniora
  • Kunnskap om eller utdanning innan dei faglege tema det vert forska på ved ARENA
  • Grunnleggande kunnskap om EU og gjerne interesse for forsking på europeisk integrasjon og EU
  • Erfaring frå nettarbeid er ei føremon
  • Erfaring med metode og systematisering av store mengder data er ei føremon
  • Erfaring frå andre av arbeidsoppgåvene, som ferdigstilling av manuskript, tel også positivt
  • Særs god kjennskap til tekstredigering og erfaring med Word på avansert nivå
  • God kjennskap til og erfaring med Excel, statistikkprogram, publiseringsløysingar for nett og andre relevante program er ei føremon
  • Særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på engelsk, inkludert rettskriving og grammatikk
  • God kjennskap til norsk eller andre skandinaviske språk er eit krav

Personlege eigenskapar

  • Vi søker ein person som er grundig, påliteleg og fleksibel, med eit auge for detaljar
  • Evne til å ta ansvar og inititativ og arbeide sjølvstendig
  • Ein må kunne arbeide under tidspress og handtere det å arbeide med fleire oppgåver samstundes

Vi tilbyr

  • Ei variert stilling i eit aktivt internasjonalt forskingsmiljø
  • Eit hyggeleg og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn frå kr 456 400 til kr 488 000 avhengig av kompetanse
  • God pensjonsordning og gunstige lån i Statens Pensjonskasse
  • Gode velferdsordninger

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Relevante vitnemål med karakterutskrifter
  • Referansar

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju.

Andre opplysningar

Sjå forskrift om tilsetjingsvilkår.

I høve til Offentleglovas § 25 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med føremål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad gjenspeglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje tilhøva til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

  • Administrativ prosjektleiar Geir Kværk: g.o.kvark@arena.uio.no eller telefon 99 51 37 91 / 22 85 88 60

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS