LEDIG STILLING VED NORD UNIVERSITET

Rådgjevar eksamen og vitnemål

Søknadsfrist: 10.02.2022

Nord universitet

Gjennom forsking, utdanning og samfunnsdeltaking, bidreg Nord universitet til å skape ei berekraftig framtid med utgangspunkt i vår geografiske lokalisering.

I samarbeid med samfunns- og næringsliv i Nordland og Trøndelag, fremjer våre 11 500 studentar og 1 350 tilsette innovative løysingar og kunnskapsbasert praksis, lokalt og internasjonalt.


Nord universitet har fire strategiske satsingsområde: blå og grøn vekst, berekraftig innovasjon og entreprenørskap, samfunnssikkerheit og helse, velferd og oppvekst.


Seksjon for eksamen og vitnemål er ei eining i studieavdelinga ved universitetet sin fellesadministrasjon. Seksjonen har 24 tilsette fordelt på 4 studiestadar, og leiast av kontorsjef som rapporterer til studiedirektøren. Seksjonen har ansvar for eksamen, vitnemål og ein del andre studieadministrative oppgåver.

Spanande fast stilling ved eksamen og vitnemål ledig!

Rådgjevar eksamen og vitnemål

Om stillingen

Ved Nord universitet, seksjon for eksamen og vitnemål er det ledig ei fast 100% stilling som rådgjevar.

Stillinga har kontorstad Bodø.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene er innafor fagområda eksamen og vitnemål, som er eit spanande område under stadig utvikling. Stillinga kan også få ein del andre oppgåver i seksjonen. Innan fagområda eksamen og vitnemål ligg blant anna følgjande oppgåver:

  • Produksjon av vitnemål, inkludert kvalitetssikring og gjennomgang av ulike prosessar i forkant av sjølve produksjonen
  • Eksamensplanlegging
  • Eksamensavvikling
  • Rettleie studentar og tilsette i spørsmål om eksamen og vitnemål
  • Sakshandsaming av søknadar og klagar
  • Utviklingsoppgåver og kvalitetssikring av prosessar og rutinar

Kvalifikasjonskrav

  • Mastergrad eller tilsvarande. Lang og relevant praksis kan kompensere for delar av utdanningskravet
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Gode IT-kunnskapar

Andre kvalifikasjonar og personleg eigna til jobben

  • Erfaring frå offentleg forvalting, samt kjennskap til universitets- og høgskolesektoren vil bli vektlagd
  • Evne til å arbeide systematisk, strukturert og sjølvstendig med fleire parallelle prosessar
  • Initiativrik og med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Ha kunnskap og erfaring frå store organisasjonar med stor administrativ og fagleg kompleksitet
  • Erfaring med bruk av relevante IKT-verktøy
  • Utviklingsorientert
  • Ha god formidlingsevne, både munnleg og skriftleg
  • Om ein er personleg eigna vil bli vekta i stor grad

Vi tilbyd

Stillinga blir løna etter Statens regulativ,

  • kode 1434 rådgjevar - Ltr. 58 - 66, NOK 524 900 - 604 700 i året

Løn ut i frå ansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn avtalast.

Frå løna går lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

  • God låne-, forsikrings- og pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Kreativt og kollegialt arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass i stadig utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Aktivt bedriftsidrettslag

Generell informasjon

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei lover, avtalar og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det blir teke atterhald om endring i ansvars- og arbeidsområde som følgje av framtidig organisasjonsutvikling og omorganisering ved Nord universitet.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Nord universitet oppfordrar difor kvalifiserte kandidatar med nedsett funksjonsevne, hol i CV-en, innvandrarbakgrunn og elles ulik livserfaring til å søke. Universitetet praktiserer moderat kjønnskvotering i samsvar med lokal tilpassingsavtale for hovudavtalen i Staten.

Opplysingar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV kan bli brukte til anonymiserte registreringsføremål.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Kontakt

Nærare opplysingar om stillinga får ein ved å ta kontakt med:

  • Leiar seksjon for eksamen og vitnemål Brynjar Jørstad, [email protected], tlf 47 32 89 72

Søknad

Søknad m/cv og kopi av vitnemål og attestar sender du elektronisk innan 10.02.2022.

All dokumentasjon som det skal takast omsyn til, må du laste opp som vedlegg til søknaden.

Fullstendig elektronisk dokumentasjon må du laste opp innan søknadsfristen.

Etter at søknadsfristen er gått ut blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv etter ønskje om å bli utelaten frå søkjarlista. Søkjarar som likevel bed om konfidensialitet, skal grunngje dette særskilt i søknaden. Søkjarane vil i så fall bli varsla på førehand om offentleggjering.

Referanse: 30071412

Søk på stillingen

fnokode:1234

Powered by Labrador CMS