Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i modellering av stormrelatert risiko og skade

Søknadsfrist: 01.09.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Geofysisk Institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i stormrelatert risiko- og skadeberekning. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til forskingsgruppa i klimadynamikk ved Geofysisk Institutt og Bjerknessenteret for Klimaforskning. Stipendiatstillinga er ein del av prosjektet StormRisk, finansiert av Norges forskningsrådet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Halvparten av alle forsikringsutbetalingar knytt til naturfare i Noreg er relatert til stormar og ekstremvind. Planlegging og skadeavgrensing av denne typen naturfarar krev kunnskap om kor kraftig vinden typisk er ved slike hendingar og korleis skadeomfanget er knytt til vindstyrken. Hovudformålet med prosjektet er å kvantifisere relasjonen mellom vindstyrke og skadeomfang i form av praktisk anvendbare storm-skade relasjonar. Arbeidet vil omfatte bruk av fire tiår med landsdekkande forsikringsdata på kommunenivå og høgoppløyseleg vindsimuleringar for same periode. Prosjektet vil vidare kvantifisere moglege endringar i ekstrem vind på grunn av framtidige klimaendringar ved å analysere eit ensemble av regionale klimamodellar. Desse resultata vil verte knytt til berekninga av framtidig skadeomfang. Sidan framtidig risiko ikkje berre avheng av stormhyppighet og -intensitet, vil framtidige endringar i eksponering adresserast gjennom nasjonale demografiske scenario og fordelen med å redusere sårbarheten ved å undersøkje viktigheiten av byggestandardar for å forhindre framtidige tap.

  • Utgangspunktet vil vere nasjonal tilpassing av publiserte sannsynligheits- og deterministiske storm-skaderelasjonar. Ettersom forholdet mellom stormhendingar og tap er avhengig av bygningstypar, bygningskoder, forskjellige forsikrings- og skadeoppgjersmetodar osv., må slike relasjonar tilpassast regional og nasjonal skadeinformasjon.
  • Kandidaten vil vidare undersøke moglegheitene for å bruke kunstig intelligensalgoritmar for å utvikle meir robuste storm-skade relasjonar. Innføring av kunstig intelligens algoritmar for å relatere vindekstremar til skade gjer det mogleg å innlemme andre typar informasjon som ikkje lett blir integrert i tradisjonelle statistiske metodar.
  • Når eit sett av moglege forhold mellom stormaktivitet og skadar er undersøkt, vil effekten av endringar i framtidig ekstrem vind, demografi og sårbarheit på skadeomfang bli undersøkt.

Ph.d.-stillinga vil inngå som ein del av prosjektet StormRisk, finansiert av Forskningsrådet og du vil vere ein del av forskingsgruppa Klimafare ved Bjerknessenteret (https://bjerknes.uib.no/). Bjerknessenteret er det største naturvitskapelege forskingssenteret på klima i Norden og har eit svært internasjonalt miljø med over 200 forskarar frå 37 land. Som stipendiat vil du og vere ein del av den nasjonale forskarskolen på klima - changing climates in the coupled earth system (CHESS, https://chess.w.uib.no/) som tilbyr ei rekke relevante ph.d.-kurs.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande innan, statistikk, maskinlæring, anvendt matematikk, meteorologi eller relaterte fagfelt. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelige mastereksamen før 15.09.2020. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Vi søker kandidatar med kunnskap om statistiske rom-tid metodar som er relevante for stillinga.
  • Forkunnskaper i meteorologi, berekningsorientert statistikk eller maskinlæringsteknikkar er ein føremon.
  • Erfaring med bruk av statistisk analyse eller maskinlæringsteknikkar innanfor risikomodellering eller på meteorologiske data er ein føremon.
  • Praktisk erfaring i programmering (Fortran, C++, matlab, python, R eller liknande) er eit krav.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Prosjektet involverer fleire norske brukarmiljø og ferdigheter i norsk vil vere ein føremon.
  • Søkjaren må vere villig til å lære seg norsk om han/ho ikkje allereie kan det.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 15.09.2020).
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Asgeir Sorteberg, Geofysisk Institutt, Universitetet i Bergen ([email protected])

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen