LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktorstilling i bruk av maskinlæring for klimavarsling

Søknadsfrist: 23.02.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling 

Det er ledig ei 3-årig postdoktorstilling innan klimavarsling ved bruk av maskinlæring ved Geofysisk institutt, og knytt til Bjerknessenteret for klimaforskning og Bjerknes klimavarslingsprogram, Universitetet i Bergen.

Stillinga er knytt til forskingsprosjektet Climate Futures finansiert av Forskningsrådet og Impetus for Change (I4C), finansiert gjennom EU Horizon Europe. Prosjekta har som mål å forbetre kvaliteten, tilgjengelegheita og brukarvenlegheita av kortsiktig (månad til tiår) klimainformasjon på lokal til regional skala ved å forbetre sluttbrukartilpassinga av varsla. Stillinga vil inngå i forskergruppa i klimadynamikk ved Geofysisk institutt og Bjerknes klimavarslingsprogram (BCPU).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Til tross for store forbetringar innan klimamodellering gjennom dei siste tiåra, er klimavarslar på månadleg til tiårig tidsskala framleis utfordrande. I4C og Climate Futures har som mål å forbetre kvaliteten, tilgjengelegheita og brukarvenlegheita til klimainformasjon og tenester på desse tidsskalaene, på lokal til regional skala, for å styrkje og støtte sluttbrukartilpassing og planlegging.

Stillinga vil fokusere på bruk av maskinlæring for å utvikle raske og effektive emulatorar av høgoppløyselege regionale klimamodellar. Målet med emulatorane er å lære om forhaldet mellom storskala varslar, laget av globale eller regionale dynamiske klimaprediksjonssystem med grov oppløysning, og lokale meteorologiske variablar som er til interesse for sluttbrukarar (som temperatur, nedbør, vindhastigheiter). Dette gjerast ved å trene emulatorane til å etterlikne resultata av berekningstunge regionale klimamodellar med høg oppløysning. Sluttresultatet er raske emulatorar som er i stand til å nedskalere store ensemble av grovskala operasjonelle klimavarslingsprognosar til brukarvennleg regional og lokal informasjon.

Arbeidsoppgåver

  • Samarbeide med andre prosjektmedlemmer som forskar på klimavarsling frå årstid til tiår (S2D), så vel som med andre relevante arbeidspakkar.
  • Teste overføringsevna av ein eksisterande maskinlæringsemulator til norske forhold.
  • Forske på metodar for å auke kvaliteten og overføringsevna til emulatorar samt metodar for betre å forstå kvifor maskinlæringsmodellar predikerer som dei gjer (Explainable Machine Learning).
  • Formidle forskingsresultat til forskingsmiljøa og den større offentlegheita gjennom aktivitetar i regi av prosjekta.

Arbeidet vil skje i nært samarbeid med vitskapelege partnerar i I4C, særleg Meteo France og NORCE, samt nasjonale industripartnarar i Climate Futures-prosjektet. Universitetet i Bergen er ein del av Norwegian Artificial Intelligence Research Consortium og kandidaten vil jobbe i eit svært internasjonalt arbeidsmiljø som ein del av Bjerknessenteret for klimaforskning (BCCR) samlokalisert med Geofysisk Institutt, Universitetet i Bergen. BCCR er Nordens største naturvitskapelege klimaforskingssenter og blant dei leiande sentra i Europa med rundt 200 forskarar frå 37 land.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjaren må ha norsk doktorgrad eller tilsvarande utdanning innanfor atmosfærevitskap, statistikk, maskinlæring, anvendt matematikk eller andre relaterte disiplinar, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Det krevst dokumentert kunnskap innan både klimafysikk/atmosfærefysikk og maskinlæring.
  • Erfaring innan vitskapeleg programmering ved bruk av Python, R, Matlab, Julia, C/C++ eller liknande er eit krav.
  • Dokumentere fagfellevurderte publikasjonar i kjente internasjonale tidsskrifter og presentasjonar på internasjonale konferansar er eit krav.
  • Forståing for og erfaring med klimamodellar og klimatologisk dataanalyse vil vere eit føremon.
  • Søkjarar må ha svært gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må kunne jobbe sjølvstendig og strukturert og vise gode samarbeidsevner.
  • Personlege og relasjonelle eigenskapar vil verte vektlagt. Samarbeidsevner, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 3 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 615 700,- (tilsvarande lønssteg 63). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Maria Svåsand. (Maria.Svasand@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS