LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapleg assistent på prosjektet Norsk Ordbok a–h (NO-AH)

Søknadsfrist: 01.11.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapleg assistent på prosjektet Norsk Ordbok a–h (NO-AH)

Velkomen som søkjar til ei mellombels stilling ved institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium som vitskapleg assistent i 20 % stilling ved prosjektet Norsk Ordbok a-h (NO-AH). Tilsetjing i stillinga er for ein åremålsperiode på tolv månader, og kan bli forlenga. Oppstart i stillinga så snart som råd.

Om instituttet

LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.

Om prosjektet

Norsk Ordbok (norsk-ordbok.no) er eit tolvbands ordbokverk over dei norske dialektane og det nynorske skriftspråket. I NO-AH reviderer ein dei eldste delane av ordboka, alfabetbolken a–h. Eit viktig mål i prosjektet er å utvikle ei moderne og komplett nettordbok, og å gjere ordboka og dei ulike samlingane knytt til ordboka meir tilgjengelege for brukarane enn dei er i dag.

Norsk Ordbok byggjer på eit stort og variert kjeldegrunnlag som krev vedlikehald og oppdatering. Redigerte ordbokartiklar skal gjennom fleire rundar med kvalitetskontroll før publisering, blant desse kryssjekk og sitatkontroll. Desse to stega i kvalitetskontrollen er viktige for å sikre at ordbokverket har nøyaktige opplysningar og konsistens. Prosjektet har i dag for få redaktørar til at redaksjonsgruppa kan gjennomføre alle kontrolloppgåvene sjølve, og det er derfor behov for ein assistent som i første omgang skal utføre sitatsjekk. Den tilsette skal i tillegg bidra til oppdatering av samlingane ved å føre normert oppslagsform på elektroniske ordboksetlar og anna kjeldemateriale. Det kan også bli aktuelt å gjere korrekturarbeid knytt til den nye digitale utgåva av Norsk målføresynopsis, som er ei sentral og obligatorisk kjelde i redigeringa av Norsk Ordbok.

Arbeidsoppgåver:

  • Sitatkontroll.
  • Oppføring av oppslagsord på setlar i setelarkivet til Norsk Ordbok.
  • Korrekturarbeid knytt til Norsk målføresynopsis.
  • Andre oppgåver i prosjektet etter avtale.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Du må ha studiepoeng i språkfag (særleg nordisk språkvitskap eller lingvistikk).
  • Du må vere ryddig og nøyaktig og i stand til å handtere store mengder informasjon.
  • Du må ha interesse for språkdokumentasjon og personleg motivasjon for stillinga.
  • Vi ønskjer fortrinnsvis nokon med relevant erfaring.

Søkjarar som tidlegare har vore tilsette i stipendiatstilling eller har oppnådd tilsvarande kompetanse, kan ikkje tilsetjast i stillinga.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten. Dersom søkjaren ønskjer unntak frå dette, må det takast opp og avklarast med instituttet.

Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 51 for dei med mastergrad (kode 1020, kr. 508 900 brutto per år for full stilling), lønssteg 42 for dei med bachelorgrad (kode 1019, kr. 448 500 brutto per år for full stilling) og lønssteg 35 for dei utan fullført grad (kode 1018, kr. 414 200 brutto per år for full stilling). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga:

Søknad skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK PÅ STILLINGA», og dette må følgje søknaden:

  • Søknadsbrev.
  • CV.
  • Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfesta kopiar).
  • Namn og kontaktinformasjon til tre referansepersonar.
  • Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar.

Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på engelsk, norsk eller eit skandinavisk språk, eventuelt attesterte omsetjingar til desse språka.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Generell informasjon:

Spørsmål kan rettast til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan sendast til fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK PÅ STILLINGA

Powered by Labrador CMS