LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapleg assistent (50%) i samtidskunst ved Kunstakademiet

Søknadsfrist: 04.07.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitenskapeleg assistent

Ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst er det ledig ei åremålsstilling for 2 år som vitskapleg assistent (50%) knytt til masterprogrammet i samtidskunst, med ønska oppstart i september 2024. 

Arbeidsoppgåver:

Vi søker etter ein vitskapleg assistent som i hovudsak vil ha oppgåver knytt til fagleg koordinering av masterprogrammet i samtidskunst. Assistenten vil få delta i ei spennande fase for programmet og arbeide i eit dynamisk undervisningsmiljø med gode faglege utviklingsmoglegheiter 

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den faglege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i kunstnarleg utviklingsarbeid og metode relevant for studium på ph.d.-nivå. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år (uavhengig av stillingskode som vitskapleg assistent).

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg koordinering av ulike læringsaktivitetar (seminar og utstillingar medrekna), eksamen og opptak 
  • Tilrettelegging av studentars studiotilbod relatert til MA ART-emne
  • Samarbeid med programstyret og dei emneansvarlege i masterprogrammet
  • Samarbeid med tilsvarande vitskapleg assistent for Kunstakademiet sitt bachelorprogram
  • Bidra til vidare utvikling av programmet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad, fortrinnsvis innan samtidskunst
  • God språkkunnskap og formuleringsevne i norsk eller engelsk, munnleg og skriftleg
  • Arbeide sjølvstendig, vere ansvarsbevisst og fleksibel
  • Vere serviceinnstilt og imøtekommande
  • Ha gode samarbeidsevner og ei strukturert arbeidsform. 
  • Ha kjennskap til relevante rørsler i samtidskunsten. 

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn som vitskapleg assistent (kode 1020) etter lønssteg 46 - 47 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 472 900 – 480 900 brutto i fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Kort motivasjonsbrev
  • CV, inkludert liste over kunstnarlege produksjonar og /eller annan organisatorisk erfaring som har relevans for stillinga
  • Vitnemål som viser at du har relevant mastergrad
  • Relevante attestar og referansar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte eller tekniske spørsmål om søknadsprosessen, kontakt hrkmd@uib.no. 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS