LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Driftsteknikar (med fagbrev) - Eigedomsavdeling

Søknadsfrist: 06.09.2024

Kunnskap som formar samfunnet

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. 

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om studieadministrativ avdeling her. 

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Bli ein del av vårt tekniske team ved Universitetet i Bergen!Er du initiativrik, strukturert og har ein lidenskap for tekniske anlegg? Då kan denne stillinga være noko for deg! Universitetet i Bergen (UiB) søkjer ein dyktig driftsteknikar til vår Eigedomsavdeling. Her får du muligheit til å jobbe med varierte oppgåver i eit inspirerande og inkluderande arbeidsmiljø.Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelingar.

Eigedomsavdelinga sitt oppdrag er å levere gode bygg og bidra til UiB når sine mål. Vi har av ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av universitetet sin samla bygningsmasse, som omfattar rundt 95 bygningar med i alt 390.000 m2. Avdelinga har om lag 100 tilsette og er organisert i seksjonane Drift, Prosjekt, Fagstøtte og Stab, Større satsingar.

Drift har det daglege ansvaret for FDVU av bygg, tekniske installasjonar og utomhusareal. Den samla bygningsmassen er inndelt i 4 driftsområde - tre er lokalisert på Nygårdshøyden og eitt er lokalisert på Årstad/HaukelandsområdetOm stillinga.

Driftsteknikar (med fagbrev)

Ved Eigedomsavdelinga ved Universitetet i Bergen er det no ledige to 100 % stillingar som driftsteknikar. Vi søkjer deg som er initiativrik, strukturert og har stor interesse for tekniske anlegg. Du må handtere mange oppgåver samtidig og i samsvar med våre verdiar som er «samhandling, respekt, redelighet og openheit». Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstad/Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar, til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg.

Dei utlyste stillingane er i dag plasserte i driftsområde- Nord, primært på Nygårdshøyden. Driftsområda har mellom anna ansvaret for UiB sine nærvarme- og nærkjøleanlegg, og bygg med omfattande og komplekse tekniske anlegg for m.a. laboratorium og museum.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga byr på varierte arbeidsoppgåver, og krev derfor at du kan handtere problemstillingar innanfor fleire felt. Vi ser etter personar som har erfaring med større bygg og/eller tekniske anlegg.

BIM og andre digitale verktøy vert stadig viktigare for byggdrift, og driftsteknikarane hos UiB må ha gode IT-kunnskapar og evne og vilje til å ta i bruk ny programvare.

Stillinga rapporterer til drifts- og vedlikehaldsleiar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjaren må ha følgjande kvalifikasjonar:

  • Relevant fagarbeidarutdanning (fagbrev), fortrinnsvis innan faga: elektro, ventilasjon, rør, kjøling og byggdrift. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant erfaring med tekniske anlegg og/eller bygg. Erfaring med større tekniske anlegg med varmepumper, kjølemaskiner, ventilasjonsanlegg, klimatiserte rom, sentral driftskontroll o.l. vil bli lagt særskilt vekt på.
  • Grunnleggjande kjennskap til IT-verktøy
  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg.

Vi ser det som ein føremon at søkjar har:

  • Erfaring med brannalarmanlegg, adgangskontroll m.m
  • Kjennskap til/innsikt i fleire relevante fagområde
  • Erfaring i drift av større moderne bygg
  • Erfaring med ENØK-arbeid og optimalisering av drift av tekniske anlegg
  • Erfaring med navigering i og bruk av 3D-modellar

Personlege eigeskapar:

  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima
  • Vere kvalitetsbevisst og ha yrkesstoltheit
  • Initiativrik og kreativ med interesse for utvikling
  • Evne til å arbeide nøyaktig og ryddig
  • Kunne handtere fleire utfordringar samtidig
  • Evne til å arbeide effektivt både sjølvstendig og saman med andre
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr:

  • Eit fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver
  • Inspirerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
  • Løn etter stillingskode som driftsteknikar (kode 1136) i løn frå kr 557100 – 584500 etter kvalifikasjonar og bakgrunn. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn
  • Opplæring og anledning til vidareutdanning og utvikling
  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse med god pensjons- og forsikringsordning
  • Bustadlån til gunstige vilkår i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Eigedomsforvaltar Torbjørn Iversen, tlf.994 85 820

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar kvinner, samt søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS