LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vikariat i Italiensk litteratur

Søknadsfrist: 26.03.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vikariat i italiensk litteratur (50 prosent stilling)

Velkommen som søkjar til eit ledig vikariat i italiensk litteratur i 50 prosent stilling ved Institutt for framandspråk, Universitetet i Bergen (UiB) frå 1. juli 2023 til 30. juni 2024. Vikaren skal undervisa på bachelor- og masternivå i italiensk litteratur.

Institutt for framandspråk (IF) har om lag 60 fast vitskapleg tilsette, kring 20 ph.d.- studentar og postdoktorar, 11 administrativt tilsette og dessutan mellombels tilsette i meir kortvarige engasjement. Instituttet tilbyr studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk, spansk språk og latinamerikastudium. Italienskfaget har to fast tilsette, den eine på språk og den andre på litteratur. Den utlyste stillinga er eit vikariat for litteraturstillinga.

Arbeidsoppgåvene

  • Undervisninga på faget er på italiensk, men den som fyller vikarstillinga, bør kunna eit skandinavisk språk eller engelsk, særleg med tanke på undervisninga på lågare nivå, der studentane enno treng ein del forklaringar eller språklege oppklaringar.
  • Vikaren skal undervisa både på bachelor- og masternivå. Det skal undervisast i ei rekkje sjangrar og tidsepokar frå italiensk litteratur frå 1300-talet og fram til i dag.
  • Til undervisningsstillinga er det òg lagt litt rettleiing på ulike nivå, særleg på 200-nivå der studentane skriv bacheloroppgåva si i italiensk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Ved tilsetjing legg instituttet vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Den som blir tilsett i stillinga, må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innanfor italiensk litteratur
  • Gode evner som undervisar
  • Dokumentert pedagogisk basiskompetanse
  • Svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg italiensk
  • Røynsle frå italienskundervisning på ulike nivå, helst inkludert universitet- og høgskulenivå.
  • Gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg er ein føremon
  • Gode samarbeidsevner

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillingane.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 56-64 (kode 1009). For tida svarar dette til mellom 517 200 – 593 100,- kroner årleg i full stilling før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

1. Søknadsbrev

2. CV

3. Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk røynsle).

4. Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfeste kopiar)

5. Eventuelle evalueringsrapportar el.a. for eiga undervisning

6. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar (her vil det vere særleg relevant med personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar) format

7. Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar

Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk, eventuelt attesterte omsetjingar til eit av desse språka.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju og eventuelt prøveforelesing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Martin Paulsen på telefon 55 58 23 86 eller e-post m.paulsen@uib.no, eller til
  • Fagkoordinator på italiensk Marco Gargiulo, på telefon 55 58 23 47 eller e-post marco.gargiulo@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS