LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor ved Institutt for samanliknande politikk - vikariat

Søknadsfrist: 26.01.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor vikariat EVU

Ved Institutt for samanliknande politikk, Universitetet i Bergen, er det ledig eit vikariat som universitetslektor knytt til instituttets etter- og vidareutdanningstilbod. Stillinga er ledig for vårsemesteret 2023. Det er ynskjeleg med oppstart i stillinga snarast mogeleg.

Om stillinga:

Kurstilbodet er sett saman av ulike frittståande emne som med masteroppgåve kan settast saman til ein erfaringsbasert mastergrad. Tematisk er EVU-tilbodet innretta mot politisk utvikling, demokrati og menneskerettar med kurs som omhandlar demokratiassistanse, val og menneskerettsobservasjon, business and human rights, samfunnssikkerheit og krisehandtering og korrupsjonsgransking i tillegg til metodekurs. Studentane tek kursa på deltid, men kurstilbodet har i aukande grad vorte digitalisert som heilt eller delvise nettkurs. Du kan lese meir om EVU-tilbodet her. For meir informasjon om instituttet, forskingsaktivitetar og utdanningstilbod viser vi til Institutt for samanliknande politikk.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga har desse hovudoppgåvene:

  • ansvar for planlegging, organisering og oppfølging av undervisning knytt til instituttets etter- og vidareutdanningstilbod
  • koordinering av kursprogram, kontakt og oppfølging av undervisarar og fagleg kontakt med studentar
  • kontaktpunkt til UiB Videre
  • oppfølging av eventuelle vitskapelege assistentar knytt til emna
  • det kan verte aktuelt med andre oppgåver knytt til undervisningsverksemda ved instituttet

Den som vert tilsett vil også få avsett om lag 25 % av arbeidstida til FOU-arbeid (forskings- og utviklingsarbeid) og fagleg oppdatering. Det kan verte endringar i arbeidsoppgåvene.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi ser etter deg som:

  • har mastergrad i samanliknande politikk eller statsvitskap
  • har gode metodekunnskapar
  • har røynsle med undervisning, utviklingsarbeid og rettleiing
  • har erfaring med digitalisering av undervisning, røynsle med Canvas er ei føremon
  • er strukturert, organisert og løysingsorientert
  • kan undervise både på norsk og engelsk
  • har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr:

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev
  • CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og fagleg arbeid)
  • Godkjente kopiar av vitnemål, attestar og pedagogiske kvalifikasjonar

Vi vil leggje stor vekt på at den som vert tilsett er personleg eigna for stillinga.

Det kan verte aktuelt med prøveforelesing før tilsetjing.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Søknadsfrist er 26.01.2023 og søknaden skal merkast 23/553.

Søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR rådgjevar Gudrun Horvei, [email protected].

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS