Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Universitetslektor i tysk

Søknadsfrist: 15.10.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor i tysk - 50 % mellombels

Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen (UiB) har ledig ei 50 prosent stilling som universitetslektor frå 1. januar 2021 til 30. juni 2021. Den som blir tilsett, skal undervisa på bachelornivå på tyskfaget.

Institutt for framandspråk (IF) har i underkant av seksti fast vitskapleg tilsette, kring tretti ph.d.-studentar og postdoktorar, ti administrativt tilsette og dessutan mellombels tilsette i meir kortvarige engasjement. Instituttet tilbyd studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk, spansk språk og latinamerikastudium.

Den som blir tilsett, skal undervise på bachelor-nivået på tysk, først og fremst på språklege emne.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Ved tilsetjing legg instituttet vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Minimum norsk mastergrad eller tilsvarande kompetanse i tysk, helst innanfor språk/lingvistikk. Blir ein søkjar med doktorgrad tilsett, blir det tilsetjing som førstelektor med same undervisningsplikter som universitetslektor.
  • Praktisk-pedagogisk utdanning eller tilsvarande
  • Svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg tysk
  • Svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg norsk
  • Erfaring frå tyskundervisning på ulike nivå
  • Erfaring med bruk av digitale verktøy i undervisninga, og eventuelt utvikling av slike hjelpemiddel
  • Røynsle frå nettbasert undervisning
  • Gode samarbeidsevner og vilje til lagarbeid

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 52-64 (kode 1009 / LR25) avhengig av tenesteansiennitet. For tida tilsvarer dette mellom 463 600 – 572 700,- i full stilling før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn. Kandidatar med norsk doktorgrad eller tilsvarande kompetanse blir tilsette som førstelektor i lønssteg 64 (Kode 1198/ LR 24), for tida tilsvarande 572 700,- i full stilling før skatt. Opprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK PÅ JOBBEN».

Dette må følgje søknaden:

1. Søknadsbrev

2. CV

3. Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfeste kopiar)

4. Eventuelle evalueringsrapportar el.a. for eiga undervisning

5. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar (her vil det vere særleg relevant med personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar)

6. Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar

Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk, eventuelt attesterte omsetjingar til eit av desse språka.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no. Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknadsfrist: 15. oktober 2020

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS