Universitetslektor i spansk språk og latinamerikastudium
Søknadsfrist: 28.11.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Universitetslektor i spansk språk og latinamerikastudium (vikariat)
Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen (UiB) har ledig eit vikariat innanfor Spansk språk og latinamerikastudium frå 1. januar til 31. desember 2022. Vikariatet er ei 50 prosent stilling, og vikaren skal undervisa på språkdisiplinen av faget.
Den som blir tilsett, skal undervisa på emne knytt til spansk fonetikk og grammatikk med vekt på latinamerikanske variantar. Undervisninga kan bli lagt til alle nivå (100-, 200- og 300-nivå).
Institutt for framandspråk (IF) har om lag seksti fast vitskapleg tilsette, kring 25 ph.d.- studentar og postdoktorar, ti administrativt tilsette og dessutan mellombels tilsette i meir kortvarige engasjement. Instituttet tilbyd studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk, spansk språk og latinamerikastudium. Spanskfaget har to fast tilsette på språkdisiplinen, to innan kulturkunnskap/historie, ei stilling i litteratur og ei i fagdidaktikk. I tillegg kjem fleire deltidsstillingar knytt til vidareutdanninga på faget.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Ved tilsetjing legg instituttet vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
Den som blir tilsett i stillinga må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innanfor spansk språk eller lingvistikk
Gode evner som undervisar
Dokumentert pedagogisk basiskompetanse
Svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg spansk og norsk
Røynsle frå spanskundervisning på ulike nivå
Erfaring frå nettbasert undervisning, bruk av digitale verktøy i undervisninga og eventuelt utvikling av slike hjelpemiddel
Gode samarbeidsevner
Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillingane.
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Løn etter lønssteg 56-64 (kode 1009/ LR25) etter tenesteansiennitet. For tida svarar dette til mellom 507 200,- og 583 100,- kroner årleg i full stilling før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenke på denne sida «SØK PÅ JOBBEN».
Dette må følgje søknaden:
1. Søknadsbrev
2. CV
3. Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfeste kopiar)
4. Eventuelle evalueringsrapportar el.a. for eiga undervisning
5. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar (her vil det vere særleg relevant med personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar)
6. Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar
Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk, eventuelt attesterte omsetjingar til eit av desse språka.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju og eventuelt prøveforelesing.
Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no. Nærare om tilsetjingsprosessen her.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Instituttleiar Kevin McCafferty på telefon 55 58 31 50 eller e-post kevin.mccafferty@uib.no, eller til
Fagkoordinator på Spansk språk og latinamerikastudium Xavier Llovet Vila, på telefon 55 58 20 17 eller e-post xavier.llovet@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.