LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor i nordisk språkvitskap

Søknadsfrist: 03.05.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor i nordisk språkvitskap

Velkomen som søkjar til eit ledig vikariat som universitetslektor i nordisk språkvitskap i 100 % stilling frå 1. august 2024 til 31. januar 2025, med mogleg forlenging, ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Universitetslektoren skal undervise i nordisk språkvitskap, hovudsakleg på bachelornivå.

LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og 7 postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.

Stillingsomtale:

I stillinga ligg det undervisning og undervisningsrelatert arbeid, i tillegg til noko administrasjon. Den som tek stillinga, skal bidra med undervisning i nordisk språkvitskap (NOSP-emna) både på det ordinære campusstudiet og på det nettbaserte studiet Fjernord. I fagfeltet inngår fleire emne der eldre og yngre norsk språkhistorie og lydleg og grammatisk variasjon i norske talemål står særleg sentralt. Til stillinga ligg også rettleiing av studentar i nynorsk på 100-nivå, og eksamensarbeid. Den som blir tilsett kan og få andre oppgåver.

Som ein del av arbeidet, kan tilsette bli tildelt undervisings-, rettleiings- og sensoroppgåver innan kompetanseområdet sitt ved andre institutt.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

Den som vert tilsett, må ha:

  • Norsk mastergrad eller hovudfag i nordisk språkvitskap eller anna relevant fag.
  • Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse frå utdanning eller røynsle med undervising og rettleiing.
  • Gode skriftlege ferdigheiter (tilsvarande morsmålsnivå) i norsk, samt meistre båe målformer (bokmål og nynorsk).

Det er ein føremon med:

  • Relevant fagleg profil i høve til dei aktuelle undervisningsemna.
  • Undervisningspraksis i nordisk språkvitskap på høgskule- og universitetsnivå, gjerne i form av både fysisk og digital undervisning.
  • Relevante forskingsresultat utover mastergradsnivå.
  • Relevant yrkespraksis.

Det blir kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk. Søkjarar må også ha utmerka kunnskapar i engelsk.

Den som blir tilsett, må vere godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner blir difor tillagt vekt.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 60-65 (kode 1009) for stilling som universitetslektor. For tida svarar dette til mellom 584 500 - 635 400 kroner årleg i full stilling før skatt. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenka på denne sida ”SØK STILLINGA”.

Søknaden skal innehalde ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga.

Dette må følgje søknaden:

  • Søknadsbrev.
  • CV.
  • Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna versjon eller stadfeste kopiar).
  • Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar.
  • Dokumentasjon på pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis, utviklingsarbeid, mottekne prisar eller anna pedagogisk erfaring), undervisningsopplegg og/eller evalueringar.
  • Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar, med lenker til fulltekst.

Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

NB: Søknadene vert vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvar for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkjeblir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS