LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor i nordisk fagdidaktik (vikariat)

Søknadsfrist: 24.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor i nordisk fagdidaktikk (vikar)

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig eit vikariat som universitetslektor i nordisk fagdidaktikk i 100 % stilling frå 1. januar 2022 til 30. juni 2023. Universitetslektoren skal kunne undervise både i det femårige lektorutdanningsprogrammet med master i nordisk, den eittårige praktisk-pedagogiske utdanninga (eittårig PPU) og «Erfaringsbasert master i undervisninga med fordjuping i norsk», som er eit deltidsstudium over fire år for lærarar som arbeider i skulen. Saman med dei andre fagdidaktikarane i fagmiljøet skal vedkomande ha ansvar for undervisning, rettleiing og eksamensarbeid.

Kvalifikasjonar

Den som blir tilsett som universitetslektor, må ha norsk mastergrad/hovudfag eller tilsvarande høgare utdanning i nordisk fagdidaktikk, nordisk språk og litteratur, norsk som andrespråk eller tilsvarande. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT). Dokumentasjon av utanlandsk utdanning vil kunne bli sendt til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.

Ved vurdering av søkjarar vil det vidare bli lagt vekt på dokumentert kompetanse i nordisk fagdidaktikk. Sidan fagdidaktikken tangerer alle delar av nordiskfaget, vil det vere ønskeleg med ei dokumentert brei fagleg orientering. Samstundes legg ein til grunn at den som vert tilsett, har særleg kompetanse i tilknyting til ein av disiplinane innanfor nordisk, dvs. nordisk språk eller nordisk litteratur, inkludert norsk som andrespråk eller norrøn filologi, eller kompetanse i eit meir overgripande norskdidaktisk felt, som t.d. skriving, tekstvitskap eller lesevitskap.

Dessutan må søkjarar ha morsmålskompetanse eller tilnærma morsmålskompetanse i norsk og kunne dokumentere kompetanse i både bokmål og nynorsk.

Ein vil ved tilsetjing leggje vekt på at søkjarane er skikka til å drive undervisningsarbeid.Undervisningskompetanse som i skuleverket er eit krav for stillinga. Undervisningspraksis frå skuleverket vil verte særleg vektlagt i vurderinga av søkjarane. Ein vil også leggje vekt på om søkjarane har arbeidd med utvikling av læremiddel, erfaring frå digital undervisning og har erfaring frå lærarutdanning på universitets- og høgskulenivå.

Aktuelle arbeidsoppgåver

Den som vert tilsett, skal ta del i undervisninga i samsvar med dei studieordningane som gjeld. Arbeidsoppgåvene omfattar undervisning, rettleiing og eksamensarbeid for studentar innanfor alle program som gjeld norsklærarutdanninga ved Universitetet i Bergen. Ein del av undervisninga kan også måtte gjevast som nettundervisning. Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor normal arbeidsplikt og eigen faglege kompetanse kan den som vert tilsett, også verte pålagd undervisning utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett, buset seg slik at ho/han kan ha kontorplass og delta i den daglege verksemda ved Institutt for lingvistiske, litterære ogestetiske studium.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Aktuelle kandidatar må rekne med å bli kalla inn til intervju.

Vi kan tilby

  • Løn etter lønssteg 56-64 (kode 1009/LR25) etter tenesteansiennitet. For tida svarer dette til mellom 507 200,- og 583 100,- i full stilling før skatt per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse (Frå løna går pensjonsinnskot med 2 % til statens pensjonskasse.)
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga

Søknad med CV skal sendast elektronisk via link på denne sida ”Søk stillinga”.

Søknaden skal innehalde ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga.

Dette må følgje søknaden:

  • CV
  • Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna versjon)
  • Namn og kontaktinformasjon på tre referansar
  • Dokumentasjon på pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis, utviklingsarbeid, mottekne prisar eller anna pedagogisk røynsle), undervisningsopplegg og/eller evalueringar
  • Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar, med lenker til fulltekst

Generell informasjon:

For utfyllande opplysningar om stillinga kan ein kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS