LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor i kinesisk

Søknadsfrist: 01.12.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor i kinesisk språk

Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen (UiB) har ledig ei fast 50 prosent stilling som universitetslektor i kinesisk språk. Den som blir tilsett, skal undervise på bachelornivå på kinesiskfaget, først og fremst på språklege emne, og eventuelt òg på vidareutdanningstilbod innan faget.

Institutt for framandspråk (IF) har i underkant av seksti fast vitskapleg tilsette, kring tretti ph.d.- studentar og postdoktorar, ti administrativt tilsette og dessutan mellombels tilsette i meir kortvarige engasjement. Instituttet tilbyd studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk, spansk språk og latinamerikastudium.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Ved tilsetjing legg instituttet vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Minimum norsk mastergrad i kinesisk (språk/lingvistikk, didaktikk, kultur el.l.) eller tilsvarande kompetanse. Blir ein søkjar med doktorgrad tilsett, blir det tilsetjing som førstelektor med same undervisningsplikter som universitetslektor.
  • Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og veiledning
  • Svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg kinesisk
  • Svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg norsk eller eit anna skandinavisk språk
  • Erfaring frå kinesiskundervisning på ulike nivå
  • Røynsle med bruk av digitale verktøy i undervisninga, og eventuelt utvikling av slike hjelpemiddel
  • Erfaring frå nettbasert undervisning
  • Gode samarbeidsevner og vilje til lagarbeid

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 52-64 (kode 1009/ LR25) avhengig av tenesteansiennitet. For tida svarar dette til mellom 466 100 og 575 200 kroner årleg i full før skatt. Kandidatar med norsk doktorgrad eller tilsvarande kompetanse blir tilsette som førstelektor i lønssteg 64 (kode 1198/ LR 24), for tida tilsvarande 575 200 kroner årleg i full stilling før skatt. Opprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK PÅ JOBBEN».

Dette må følgje søknaden:

1. Søknadsbrev

2. CV

3. Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfeste kopiar)

4. Eventuelle evalueringsrapportar el.a. for eiga undervisning

5. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar (her vil det vere særleg relevantmed personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar)

6. Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar.Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk, eventuelt attesterte omsetjingar til eit av desse språka.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no. Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 1. desember 2020

SØK PÅ JOBBEN

Powered by Labrador CMS