LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor i engelsk lingvistikk

Søknadsfrist: 04.10.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor i engelsk lingvistikk

Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen lyser ut eit årsvikariat i 100 % stilling som universitetslektor i engelsk lingvistikk ved Institutt for framandspråk frå 1. januar 2024 til 31. desember 2024. 

Institutt for framandspråk (IF) har rundt seksti fast vitskapleg tilsette, elleve administrativt tilsette, kring 20 ph.d.-stipendiatar og postdoktorar, og andre i mellombelse stillingar. Ved instituttet blir det forska og undervist i faga arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk, og spansk språk og latinamerikastudium. Engelsk er det største av desse faga og har for tida femten faste vitskaplege stillingar, fordelt på disiplinane litteratur, lingvistikk og didaktikk. Faget tilbyr kurs på alle nivå i desse disiplinane, inkludert lektorutdanning.

Instituttet og fakultetet har ei rekkje forskargrupper og avtalar om utveksling og samarbeid med land i Europa, Afrika, Asia, Nord- og Latin-Amerika, i tillegg til samarbeid med andre norske universitet og høgskular.

Arbeidsoppgåver:

Til stillinga som universitetslektor i engelsk lingvistikk ligg det undervisning, rettleiing og vurdering på bachelor- og masternivå, i tillegg til administrative plikter på faget og instituttet.

Kandidatar må vere i stand til å undervise sentrale emne på lågare nivå, inkludert ENG100 (introduksjonsemne), ENG110 (fonetikk/fonologi og grammatikk) og ENG221/261 (engelsk språkhistorie). I tillegg må kandidaten vere i stand til å undervise avanserte kurs med teoretisk tilnærming på masternivå. Rettleiing på bachelor- og masternivå, og vurdering av skriftlege og munnlege eksamenar er en del av stillinga.

Undervisningsspråket er engelsk.

Kvalifikasjonar:

  • Søkjaren må ha norsk mastergrad eller tilsvarande innanfor engelsk lingvistikk for å bli vurdert for stillinga. 
  • Søkjaren må ha dokumentert undervisningserfaring knytt til undervisning av emne i fonetikk/fonologi, grammatikk, engelsk språkhistorie, og evt. andre emne med teoretisk tilnærming. 
  • Praktisk-pedagogisk utdanning eller utdanning i universitetspedagogikk er ein føremon. 

Vurdering av søkjarane:

I vurderinga av søkjarane vert det lagt vekt på:

  • undervisningserfaring i relevante emne på lågare og høgare nivå.
  • annan bakgrunn som er relevant for stillinga slik ho er skissert i denne utlysinga.

Søkjarane vil bli vurderte og rangerte av ein sakkunnig komité, som vil leggje hovudvekta på kandidatane sin undervisningskompetanse i engelsk lingvistikk. Dei best kvalifiserte blir inviterte til intervju og bedne om å gje ei prøveforelesing. Den endelege vurderinga legg i tillegg til dette vekt på kandidaten sine personlege eigenskapar for stillinga.

Andre krav:

Alle tilsette må, utan omsyn til akademisk spesialisering, dele på ansvaret for å utvikle faget og kurstilbodet, og alle må vere villige til å ta på seg administrative på programmet, instituttet og fakultetet.

Tilsette ved Universitetet i Bergen kan bli sette til undervisning, rettleiing og eksamensarbeid innanfor eige fagfelt òg utanfor instituttet dei er tilsette ved.

Tilsetjing i stillinga krev at ein utfører sine arbeidsplikter ved campus Universitetet i Bergen og deltek i den daglege drifta til instituttet.

Vi tilbyr:

  • Løn tilsvarande lønssteg 60-65 (kode 1009) i Statens lønsregulativ. For tida svarar dette til mellom 584 500 – 635 400 kroner årleg i full stilling før skatt. Vidare lønsopprykk etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

Søknaden skal sendast elektronisk og innan fristen via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida.

 Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev.
  • CV.
  • Vitnemål og karakterutskrifter som dokumenterer fullførte gradar (skanna versjon av originalar eller rettkjende kopiar av alle vitnemål frå høgare utdanning).
  • Emneportefølje. 
  • Informasjon om og dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar. 
  • Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar.
  • Namn og kontaktinformasjon til tre referansepersonar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format. Komiteen kan be om tilleggsdokumentasjon ved behov.

NB: Søknadene vert vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.

Generell informasjon:

Interesserte kan få meir informasjon om stillinga frå:

  • Koordinator for engelsk lingvistikk, professor Dagmar Haumann, epost dagmar.haumann@uib.no, tlf. 55 58 43 62, eller 
  • Instituttleiar Martin Paulsen, e-post m.paulsen@uib.no, tlf. 55 58 23 46

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare informasjon om tilsetjingsprosessen her.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til fakadm@hf.uib.no.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS