LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor i engelsk - To Stillinger

Søknadsfrist: 07.02.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor i engelsk - To stillinger

Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen (UiB) har ledig to faste stillingar som universitetslektor frå 1. august 2021: ei stilling i femti prosent og ei i hundre prosent. Lektorane skal undervisa på vidareutdanninga i engelsk innanfor ramma av programmet Kompetanse for kvalitet og ta del i utviklinga av tilbodet, men kan òg få andre undervisningsoppgåver på engelskfaget ved Universitetet i Bergen. Det kan bli aktuelt å tilby dei som blir tilsett, eit mindre engasjement med utviklingsarbeid før tilsetjinga i ordinær stilling 1. august.

Institutt for framandspråk (IF) har i underkant av seksti fast vitskapleg tilsette, kring tretti ph.d.- studentar og postdoktorar, ti administrativt tilsette og dessutan mellombels tilsette i meir kortvarige engasjement. Instituttet tilbyd studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk, spansk språk og latinamerikastudium. Engelskfaget er det største av faga ved instituttet, og har til saman femten faste stillingar fordelt på disiplinane språk/lingvistikk, litteratur, kulturkunnskap og fagdidaktikk. Faget har i tillegg fleire doktorgradsstipendiatar og postdoktorar, og dessutan ulike forskings-, utviklings- og utdanningsprosjekt (m.a. Nasjonale prøvar i engelsk).

Instituttet tilbyd vidareutdanning til lærarar i faga engelsk, fransk, spansk og tysk innanfor programmet Kompetanse for kvalitet, finansiert av Utdanningsdirektoratet. Dei som vert tilsette i lektorstillingane, skal undervisa på engelskkursa innanfor Kompetanse for kvalitet. I tillegg kan dei få undervisningsoppgåver på det ordinære fagtilbodet på engelsk og på andre etter- og vidareutdanningstilbod på faget. Undervisningsstillingar ved UiB inkluderer òg administrative oppgåver.Instituttet treng breidde i undervisningskompetansen. Derfor vil det ved tilsetjing bli lagt vekt på kva for disiplinar av engelskfaget søkjarane har kompetanse innanfor (språk/lingvistikk, litteratur, kulturkunnskap, fagdidaktikk), i tillegg til dei faglege kvalifikasjonane og eigenskapane som er lista opp nedanfor.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Ved tilsetjing legg instituttet vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Minimum norsk mastergrad eller tilsvarande kompetanse i engelsk. Dersom ein søkjar med doktorgrad blir tilsett, blir det tilsetjing som førstelektor med same undervisningsplikter som universitetslektor.
  • Praktisk-pedagogisk utdanning eller tilsvarande
  • Svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg engelsk
  • Svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg norsk
  • Røynsle frå engelskundervisning på ulike nivå
  • Erfaring frå det norske skuleverket, dvs. ungdomsskule og/eller vidaregåande
  • Erfaring med bruk av digitale verktøy i undervisninga, og eventuelt utvikling av slike hjelpemiddel
  • Røynsle frå nettbasert undervisning
  • Gode samarbeidsevner og vilje til lagarbeid

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillingane.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 52-64 (kode 1009/ LR 25.) etter tenesteansiennitet. For tida svarar dette til mellom 466 100,- og 575 200,- kroner i full stilling før skatt, avhengig av tenesteansiennitet. Kandidatar med norsk doktorgrad eller tilsvarande kompetanse blir tilsette som førstelektor i lønssteg 64 (Kode 1198/ LR 24), for tida tilsvarande 575 200,- kroner i full stilling før skatt. Opprykk skjer etter ansiennitet i stillingan. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenke på denne sida «SØK PÅ JOBBEN».

Dette må følgje søknaden:

1. Søknadsbrev

2. CV

3. Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfeste kopiar)

4. Eventuelle evalueringsrapportar el.a. for eiga undervisning

5. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar (her vil det vere særleg relevant med personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar)

6. Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar

Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk, eventuelt attesterte omsetjingar til eit av desse språka. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju og prøveforelesing.

Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no. Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Åse Johnsen på telefon 55 58 22 90 eller e-post ase.johnsen@uib.no, eller til
  • Aud Solbjørg Skulstad, professor i engelsk fagdidaktikk, på telefon 55 58 48 35 eller e-post aud.skulstad@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillingane.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS