LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor (25 %) i piano bruksinstrument ved Griegakademiet - Institutt for musikk

Søknadsfrist: 05.12.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor (25 %) i piano bruksinstrument ved Griegakademiet - Institutt for musikk

Ved Griegakademiet - Institutt for musikk, er det ledig ei midlertidig stilling i 25 % som universitetslektor innan fagområdet piano bruksinstrument.

Tilsetjing er ønska frå 02.01.2022 – 01.07. 2022 med moglegheit for forlenging av tilsettingsperiode.

Arbeidsoppgåver:

Vi søkjer etter ein universitetslektor til undervisning i bruksinstrument piano på studieprogrammet 5-årig integrert master i musikkterapi. Bruksinstrument er ein integrert del av studieprogrammet og inngår både på bachelor- og masternivå. Undervisningsoppgåver kan og kome til å omfatte basisinstrument og ensembelspill. Vi søker etter ein fagperson med brei erfaring både som utøvar og undervisar, og med brei kunnskap innan varierte musikalske sjangrar til dømes rock, pop, visar og jazz.

  • Undervisningsoppgåver på BA- og MA-nivå
  • Planlegging og koordinering knytt til undervisning bruksintrument. Emneansvar kan og bli aktuelt

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha oppnådd norsk mastergrad/hovudfag eller tilsvarande utanlandsk grad innan aktuelt fagområde. Søkjarar med dokumentert anerkjent kunstnarleg praksis eller utviklingsarbeid av eit visst omfang kan også bli vurdert. Søkarar må kunne vise til variert utøvande praksis med godt kunstnarleg nivå og relevant erfaring frå undervisningsarbeid.

  • Dokumentert kunstnarleg verksemd eller utviklingsarbeid av eit visst omfang innan fagområdet (piano)
  • Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av søkjaren sin utdanning, undervisning og rettleiing

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Pedagogiske evner og engasjement
  • Organisatoriske evner og erfaring
  • Gode samarbeidsevner
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar
  • Relevant praksiserfaring med bruksmusikk og formidling

Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn som universitetslektor etter lønssteg 52 - 64 (kode 1009/LR 25, alternativ 6) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 475 800– 583 500 For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Liste over kunstnarlege og/eller vitskaplege produksjonar som har relevans for stillinga
  • Materiale som dokumenterer kompetanse som universitetslektor

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og kan bli bedne om å halde prøveundervising for tilsette og studentar ved instituttet.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Randi Rolvsjord på tlf. + 47 55 58 73 00 /+ 47 97514878

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS