LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor (20 %) i talentutviklingsarbeid ved Griegakademiet – Institutt for musikk

Søknadsfrist: 01.10.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor (20 %) i talentutviklingsarbeid ved Griegakademiet – Institutt for musikk

Ved Griegakademiet – Institutt for musikk, er det ledig ei fast stilling (20 %) innan utøvande musikk og koordinering av Griegakademiets unge talentar. Tilsetjing er ønska frå 02.01.2023.

Arbeidsoppgåver:

Vi søkjer etter ein universitetslektor for fagleg koordinering av vårt talentutviklingsarbeid, Griegakademiets unge talentar (GUT). GUT er ein del av eit nasjonalt talentutviklingsprogram og er eit tilbod til talentfulle ungdommar i alderen 13-19 år. Programmet er sjangeruavhengig, og gjev tilbod innan dei område som Griegakademiet tilbyr som studieretningar. Programmet er vanlegvis eit tillegg til undervisninga ved lokal kulturskule, vidaregåande skule eller i privatopplæring. Tilbodet omfattar individuell undervising på instrument, gruppeundervisning i musikkteori og gehør, samspel, meisterklasser og konsertar.

Den som vert tilsett vil ha hovudansvar for undervisning i musikkteori på talentutviklingsprogrammet. Koordineringsoppgåver inkluderer fagleg planlegging og tilrettelegging av aktivitetar på programmet, samarbeid med faglærarar og oppfølging av elevar. Det er ynskjeleg at den som vert tilsett og kan bidra til å vidareutvikle samarbeid med andre aktørar innan talentutvikling i regionen.

  • Undervisningsoppgåver på talentutviklingsprogrammet, særleg innan musikkteori
  • Koordinering av fagleg aktivitet i programmet

Kvalifikasjonskrav:

Søkjarar må ha oppnådd norsk mastergrad/hovudfag eller tilsvarande utanlandsk grad innan fagområdet utøvande musikk, og praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Søkarar med tilsvarande pedagogisk utdanning i/med musikk kan og bli vurdert. Søkjarar med dokumentert anerkjent kunstnarleg praksis eller utviklingsarbeid av eit visst omfang kan også bli vurdert. Søkjarar må kunne vise til kunstnarleg praksis og relevant erfaring frå undervisningsarbeid.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Pedagogiske evner og engasjement
  • Organisatoriske evner og erfaring
  • Gode samarbeidsevner
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn som universitetslektor etter lønssteg 56 - 64 (kode 1009) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 517 600 - 593 500. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Liste over kunstnarlege og/eller vitskaplege produksjonar som har relevans for stillinga
  • Materiale som dokumenterer kompetanse som universitetslektor

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og kan bli bedne om å halde prøveundervising for tilsette og studentar ved instituttet.

Undervisningsspråket er norsk. Kandidatar må beherske norsk eller eit annet skandinavisk språk ved tilsetting.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS