Universitetslektor (10%) innan innovasjon og entreprenørskap
Søknadsfrist: 24.05.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Universitetslektor (10 %) innan innovasjon og entreprenørskap
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei fast stilling som universitetslektor (10 %) med ansvar for undervisning i innovasjon og entreprenørskap. Stillinga er knytt til Institutt for Institutt for global helse og samfunnsmedisin, men rolla krev tverrfagleg innretning og samarbeid på tvers av institutta ved fakultetet. Fakultetet jobbar strategisk med å auke innovasjonsaktiviteten- og kompetansen gjennom relevant undervisning av studentar og tilsette, leggje til rette for praksisplassar, auka kontakt med industri-partnerar, næringsaktørar og Bergen kommune, og etablering av mentor-ordningar for innovatørar. Hausten 2021 opnar eit nytt medisinsk innovasjonssenter som vil gje ein ny arena for innovatørar ved mellom anna Universitetet i Bergen og Helse Bergen.
Universitetet i Bergen er med sine nær 18 500 studentar og vel 4 000 tilsette eit mellomstort europeisk universitet. Sentrale delar av campus ligg i sentrum av byen, medan Medisinsk Campus ligg ved Haukeland universitetssjukehus. Universitetet i Bergen er både ein lærestad og ein forskingsinstitusjon som dekker dei fleste fagområde, organisert i sju fakultet med ei rekke tilhøyrande institutt og faglege sentre. Universitetet i Bergen er også del av eit globalt nettverk av studentar, forskarar og kunnskapsinstitusjonar.
Arbeidsoppgåver:
Det medisinske fakultetet ønskjer å auke kompetansen innan innovasjonsmetodikk og entreprenørskap blant studentane og tilsette. Vi søkjer difor ein inspirerande, positiv og nyskapande medarbeidar som vil vere sentral i utviklinga av undervisinga innan dette området. Konkret er det snakk om å bidra til undervisning av elektivt emne innan innovasjon og entreprenørskap for medisinstudentar og i anna undervisning av studentar ved fakultetet. Det vil og vere aktuelt å bidra til å leggje til rette for praksisplassar og til å etablere mentor-ordningar for innovatørar. Stillinga sitt innhald kan verte endra som følgje av eininga sitt kontinuerlege utviklingsarbeid.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
du må ha relevant mastergrad eller tilsvarande kompetanse
dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing er eit krav, men den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing
du har erfaring med utvikling og undervising av eige undervisingsopplegg på universitetsnivå
du må ha dokumentert solid erfaring med kursing og opplæring innan innovasjon og design thinking
du har erfaring med prosjektleiing, koordinering av aktivitetar og arbeidsleiing
du er strukturert, sjølvstendig og har god gjennomføringsevne
du er omstillingsdyktig, initiativrik, har gode samarbeidsevner og er motivert for å verte vår nye kollega
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verte vektlagt
Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.
Vi tilbyr:
spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
løn frå lønssteg 56-64 etter tenesteansiennitet (kode 1009/lønsramme 25.6), for tida kr 498 800 - 575 600 brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Dersom du driv forsking legg du og ved:
fullstendig publikasjonsliste
vitskaplege arbeid (maks 10) i PDF-format
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (PDF).
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.