LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førstelektorstilling på engelsk - 25% mellombels

Søknadsfrist: 01.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstelektorstilling på engelsk - 25%

Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen lyser ut ei førstelektorstilling i engelsk litteratur/kultur (25 prosent) frå 1. september 2021 til 31. august 2022. Stillingsprosent og tilsetjingsperiode kan avpassast noko etter avtale dersom søkjaren ønskjer å gjennomføra arbeidet over ein kortare periode.

Instituttet og engelskfaget

Institutt for framandspråk (IF) har rundt seksti fast vitskapleg tilsette, kring tjuefem ph.d.- stipendiatar og postdoktorar, ti administrativt tilsette og dessutan mellombels tilsette i meir kortvarige engasjement. Ved instituttet blir det forska og undervist i språk, litteratur, historie/kulturkunnskap og fagdidaktikk innanfor faga arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk, spansk språk og latinamerikastudium.

Engelskfaget er det største faget ved instituttet, med femten fast tilsette og ei rekkje stipendiatar. I tillegg til det ordinære undervisningstilbodet og den individuelle forskinga er faget involverte i eksternfinansierte forskingsprosjekt, vidareutdanning for lærarar og utviklingsprosjekt på ulike felt.

Arbeidsoppgåver

Stillinga er knytt til eit prosjekt for å utvikle læringsstøtte som skal hjelpa studentar på bachelorprogrammet i engelsk til å jobbe systematisk med å byggje opp skrivetrening og teorigrunnlag for litteratur- og kulturemna på lågare nivå i programmet. Læringsstøtta skal betre knytte saman emna studentane tek på 100-nivå (ENG100, ENG125, ENG122) og gje ei systematisk innføring i litterær analyse, litteratur/kulturteori, sjanger og skrivetrening. Den som vert tilsett, vil jobbe tett saman med ein vitskapleg assistent som blir tilsett i prosjektet, og det er forventa at studentane blir involvert i prosjektet gjennom arrangement og idémyldring.

Målsetjinga for prosjektet er å utvikle ein ressursbank som skal supplere undervisninga på 100-nivå i engelsk litteratur/kultur. Etablerte internasjonale læringsressursar skal danne utgangspunkt for utvikling av omfattande og pedagogisk gjennomtenkte oppgåvesett som studentane kan arbeide med både i kollokviegrupper og individuelt. Oppgåvesetta skal kunne fungere både som ei støtte for seminar og forelesing, og som konkret rettleiar for studentane gjennom heile 100-nivå. Oppgåvesetta skal kvalitetssikrast gjennom utprøving på studentar i prosjektperioden.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjaren må ha doktorgrad innanfor engelsk litteratur/kulturkunnskap eller eit tilsvarande felt. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med doktorgrad, kan det bli aktuelt å tilsetja ein søkjar med mastergrad.
  • Det blir lagt vekt på røynsle frå undervisning i litteratur og kulturkunnskap innan engelskfaget ved institusjonar for høgare utdanning.
  • Erfaring med utvikling av digitale læringsressursar er ein føremon.
  • Søkjaren må meistra engelsk språk, skriftleg og munnleg, på eit høgt nivå.
  • Gode samarbeidsevner og vilje til lagarbeid er viktige kvalifikasjonar.

Dersom den tilsette ikkje bur i Bergensområdet, må vedkomande rekne med å delta på enkelte fysiske møte ved UiB for å samarbeide med fagmiljøet.

Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Kandidatar med doktorgrad blir tilsett som førstelektor med løn tilsvarande lønssteg 68 (kode 1198/LR24), for tida 625 700,- i full stilling før skatt per år. Kandidatar med mastergrad blir tilsett som universitetslektor med løn tilsvarande lønssteg 56-64 avhengig av tenesteansiennitet (kode 1009/ LR25), for tida 507 200 og 583 100 kroner i full stilling før skatt per år.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknad skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK PÅ JOBBEN», og dette må følgje søknaden:

  • Søknadsbrev CV
  • Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfesta kopiar)
  • Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar
  • Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar

Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på norsk eller eit skandinavisk språk, eventuelt attesterte omsetjingar til desse språka.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Andre opplysningar

For utfyllande opplysningar om stillinga kan ein kontakte:

  • Fagkoordinator for engelsk litteratur Erik Tonning på tlf. 55 58 28 60 eller e-post erik.tonning@uib.no, eller
  • Studieleiar Hanne Misje på tlf. 55 58 22 98 eller e-post hanne.misje@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

SØK PÅ JOBBEN

Powered by Labrador CMS