Førstelektor i franskspråkleg litteratur (Vikariat)
Søknadsfrist: 02.05.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førstelektor i franskspråkleg litteratur (vikariat)
Institutt for framandspråk (IF) har ledig eit vikariat som førstelektor på franskfaget frå 1. august til 31. desember 2021 (30 prosent stilling). Førstelektoren skal undervise i franskspråkleg litteratur og ta del i oppfølginga av emne.
Institutt for framandspråk (IF) har i underkant av seksti fast vitskapleg tilsette, kring tretti ph.d.- studentar og postdoktorar, ti administrativt tilsette og dessutan mellombels tilsette i meir kortvarige engasjement. Instituttet tilbyd studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk, spansk språk og latinamerikastudium. Franskfaget har fem fast tilsette, fleire stipendiatar/postdoktorar og fleire eksternfinansierte prosjekt innan forsking, utdanning og internasjonalisering.
Den som vert tilsett i førstelektorstillinga, skal undervise på bachelor- og masternivå. Arbeidsoppgåvene vil femne om emnesansvar, noko pedagogisk utviklingsarbeid og ulike former for undervisning og eksamensarbeid på ulike emne (t.d. SEK100, SEK600, FRAN123, FRAN623, og FRAN312). I tillegg kan vedkomande få andre undervisningsoppgåver på franskfaget. Undervisningsstillingar ved UiB inkluderer òg administrative oppgåver, t.d. koordinering av studentassistentar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjaren må ha norsk doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innanfor franskspråkleg litteratur.
Ved tilsetjinga legg instituttet òg vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
Praktisk-pedagogisk utdanning eller tilsvarande
Svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg fransk
Gode kunnskapar i skriftleg og munnleg norsk
Røynsle frå franskundervisning
Erfaring med bruk av digitale verktøy i undervisninga, og eventuelt utvikling av slikehjelpemiddel
Gode samarbeidsevner og vilje til lagarbeid
Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillingane.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Løn etter lønssteg 64 (kode 1198/ LR24 ). For tida svarar dette til 575 200,- kroner i full stilling før skatt. Lønnsopprykk skjer etter ansiennitet i stillingen. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenke på denne sida «SØK PÅ JOBBEN».
Dette må følgje søknaden:
1. Søknadsbrev
2. CV
3. Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfeste kopiar)
4. Eventuelle evalueringsrapportar el.a. for eiga undervisning
5. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar (her vil det vere særleg relevant med personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar)
6. Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar
7. Opptil 5 vitenskapelige arbeid
Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk, eventuelt attesterte omsetjingar til eit av desse språka. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju og eventuelt til prøveforelesing. Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no. Nærare om tilsetjingsprosessen her.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å vende seg til:
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.