LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førstelektor i fransk

Søknadsfrist: 15.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstelektor i fransk

Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen (UiB) har ledig ei 50 prosent stilling som førstelektor frå 1. august 2021 til 30. juni 2022. Den som blir tilsett, skal undervise på vidareutdanningstilbodet Kompetanse for kvalitet på franskfaget, eventuelt supplert med undervisningsoppgåver på det ordinære tilbodet på faget og med relevante utviklingsoppgåver.

Institutt for framandspråk (IF) har i rundt seksti fast vitskapleg tilsette, kring tjuefem ph.d.-stipendiatar og postdoktorar, ti administrativt tilsette, og dessutan mellombels tilsette i meir kortvarige engasjement. Instituttet tilbyd studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk, spansk språk og latinamerikastudium.

Kompetanse for kvalitet (Kfk) er eit vidareutdanningsprogram for lærarar i grunnskulen og vidaregåande skule. Programmet er finansiert av Utdanningsdirektoratet, og kurstilboda blir gitt av ulike universitet og høgskular. Institutt for framandspråk ved UiB tilbyd Kfk-kurs på faga engelsk, fransk, tysk, spansk språk og latinamerikastudium. Dei første studentane i fransk tek til hausten 2021. Undervisninga skal leggjast opp som fjernundervisning utan fysiske samlingar og er lagt til ettermiddag/kveldstid. Det er såleis ikkje krav om at den som blir tilsett, har fast arbeidsplass i Bergen.

Arbeidsoppgåver:

Den som blir tilsett, skal delta i undervisninga innanfor Kompetanse for kvalitet. Tilbodet har to nettbaserte emne på 15 studiepoeng kvar. Emna skal gje ei innføring i fransk språk, franskdidaktikk, franskspråkleg kultur og litteratur. Den tilsette skal undervisa i delar av dette, og oppgåvene inkluderer både nettbasert undervisning av ulike slag, vurderingsarbeid og utviklingsarbeid. Meir om kurstilbodet her. Den som blir tilsett, kan òg få undervisningsarbeid på det ordinære fransktilbodet ved instituttet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Ved tilsetjing legg instituttet vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjaren må ha doktorgrad innan fransk (ulike disipliner som litteratur, språk kulturkunnskap og fagdidaktikk er aktuelle). Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med doktorgrad, kan det bli aktuelt å tilsetje ein søkjar med mastergrad som universitetslektor.
  • Praktisk-pedagogisk utdanning eller tilsvarande
  • Svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg fransk
  • Svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg norsk
  • Erfaring frå franskundervisning på ulike nivå
  • Kjennskap til skuleverket og undervisninga i franskfaget der
  • Erfaring med bruk av digitale verktøy i undervisninga, og eventuelt utvikling av slike hjelpemiddel. Interesse for dataspel og visuelle media som grafisk roman og film er ein føremon.
  • Røynsle frå nettbasert undervisning
  • Gode samarbeidsevner og vilje til lagarbeid

Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Kandidatar med doktorgrad blir tilsett som førstelektor med løn tilsvarande lønssteg 68 (kode 1198/LR24), for tida 625 700,- i full stilling før skatt per år. Kandidatar med mastergrad blir tilsett som universitetslektor med løn tilsvarande lønssteg 56-64 (kode 1009/ LR25), for tida 507 200 og 583 100kroner i full stilling før skatt per år.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK PÅ JOBBEN».

Dette må følgje søknaden:

1. Søknadsbrev

2. CV

3. Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfeste kopiar)

4. Eventuelle evalueringsrapportar el.a. for eiga undervisning

5. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar (her vil det vere særleg relevantmed personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar)

6. Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar

Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format.

Dokumenta må vere på norsk, eitanna skandinavisk språk eller engelsk, eventuelt attesterte omsetjingar til eit av desse språka.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Nærare omtilsetjingsprosessen her.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Åse Johnsen på telefon 55 58 22 90 eller e-post ase.johnsen@uib.no, eller til
  • Førsteamanuensis i fransk fagdidaktikk Myriam Coco på telefon 55 58 30 04 eller e-post myriam.coco@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK PÅ JOBBEN

Powered by Labrador CMS