LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor (20% bistilling) i medisin (trygdemedisin) - Vestlandslegen (Stavanger)

Søknadsfrist: 04.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor (20 % bistilling) i medisin (trygdemedisin), Vestlandslegen (Stavanger)

Ved Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen, er det ledig ei åremålsstilling som universitetslektor (20 % bistilling) i medisin (trygdemedisin) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin. Stillinga er for inntil tre (3) år frå våren/hausten 2024 etter nærare avtale. Bistillinga er knytt til fast relevant hovudstilling som samfunnsmedisinar eller trygdemedisinar (minimum 50 %) ved relevant eining utanfor Universitetet i Bergen. Arbeidsstad er Stavanger.

Vi søkjer etter nye kollegaer som saman med tilsette ved institutta vil bidra til framifrå undervisning for medisinstudentane.

Vestlandslegen er UiB sin nye studieplan for medisinstudiet og det er en pilot i gang med campus i Stavanger for årene 4-6. Utfyllande informasjon om Vestlandslegen kan finnes her.

Arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett skal undervise og rettleie medisinstudentar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. 

Den som vert tilsett skal undervise medisinstudentar i det til ein kvar tid pågåande studieprogram. Det kan vera aktuelt med undervisning i relaterte emne og studieprogram.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må vere lege (cand.med) og har eller er under utdanning til relevant spesialitet og kan vise til særskilt trygdemedisinsk kompetanse.
  • det er eit ønskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, trygdemedisinsk erfaring vektleggas, samt stort engasjement og interesse for undervisning
  • det er eit ønskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring samterfaring med populærvitskapleg formidling
  • det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Universitetslektor: Løn er for tida kr 584 500 – 646 000 (kode 1009, lønssteg 60-66) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • utfyllande CV og karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse og populærvitskapeleg formidling
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)
  • dersom du driv forsking legg du og ved: fullstendig publikasjonsliste og vitskaplege arbeid (maks 10) i pdf format

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS