Universitetslektor (20% bistilling) i medisin (samfunnsmedisin) - Vestlandslegen (Stavanger)
Søknadsfrist: 04.04.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Universitetslektor (20 % bistilling) i medisin (samfunnsmedisin), Vestlandslegen (Stavanger)
Ved Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (samfunnsmedisin) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin. Stillinga er for inntil tre (3) år frå våren/hausten 2024 etter nærare avtale. Bistillinga er knytt til fast relevant hovudstilling som samfunnsmedisinar (minimum 50 %) i primærhelsetenesta. Arbeidsstad er Stavanger.
Vi søkjer etter ny kollega som saman med tilsette ved institutta vil bidra til framifrå undervisning for medisinstudentane.
Vestlandslegen er UiB sin nye studieplan for medisinstudiet og det er en pilot i gang med campus i Stavanger for årene 4-6. Utfyllande informasjon om Vestlandslegen kan finnes her.
Arbeidsoppgåver:
Den som vert tilsett skal undervise og rettleie medisinstudentar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer.
Den som vert tilsett skal undervise medisinstudentar i det til ein kvar tid pågåande studieprogram. Det kan vera aktuelt med undervisning i relaterte emne og studieprogram.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må vere lege (cand.med) og ha spesialitet i, eller være under utdanning til samfunnsmedisin.
det er eit ønskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, samfunnsmedisinsk erfaring vektleggas, samt stort engasjement og interesse for undervisning
det er eit ønskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring samt erfaring med populærvitskapleg formidling
det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid
Vi tilbyr:
eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
Universitetslektor: Løn er for tida kr 584 500 – 646 000 (kode 1009, lønssteg 60-66) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
utfyllande CV og karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse og populærvitskapeleg formidling
to referansar (namn og kontaktinformasjon)
dersom du driv forsking legg du og ved: fullstendig publikasjonsliste og vitskaplege arbeid (maks 10) i pdf format
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Undervisningsgruppeleiar Samfunnsmedisin: Liv G. Kvalvik (liv.kvalvik@uib.no)
Samfunnsmedisinar Vestlandslegen Stavanger May Sissel Vadla (may.vadla@uib.no)
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.