LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor i matematikkdidaktikk (etter- og vidareutdanning)

Søknadsfrist: 01.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor 40 % innan matematikkdidaktikk (etter- og vidareutdanning)

Ved Matematisk institutt er det ledig ei fast 40 % stilling som universitetslektor innan matematikkdidaktikk. Stillinga er knytt til instituttet sine etter- og vidareutdanningstilbod i matematikkdidaktikk, retta mot matematikklærarar i skolen. Stillinga har ekstern finansiering gjennom Utdanningsdirektoratet.

Om instituttet

Matematisk institutt er eitt av sju institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Vi tilbyr utdanningar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå i anvend og teoretisk matematikk og statistikk, inkludert lektorutdanning, aktuarfag og etter- og vidareutdanning. Instituttet har 5 fast tilsette i administrasjonen, 35 fast vitskaplege tilsette og omkring 25 stipendiatar. Kunnskapar og ferdigheiter i matematikk og statistikk er fundamentale element i alle realfag, og Matematisk institutt har det viktige oppdraget å gje grunnundervisning til studentane på heile fakultetet.

Vi har faggrupper i rein matematikk, anvend og berekningsorientert matematikk, statistikk og matematikkdidaktikk. I tillegg til forsking i teoretisk og anvend matematikk, driv instituttet tverrfagleg forsking retta mot hav, klima og helse. Den utlyste stillinga er knytt til faggruppa i matematikkdidaktikk, med fire fast faste vitskaplege tilsette.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene i stillinga er ansvar for planlegging, utvikling og tilrettelegging av undervisning i to av vidareutdanningstilboda ved instituttet. Det eine er Matematikk for lærarar i ungdomsskole og vidaregåande skole, med to emne i matematikk på 15 studiepoeng kvar. Tilbodet er finansiert av Utdanningsdirektoratet gjennom ordninga Kompetanse for kvalitet (KFK). Det andre er emnet Algoritmisk tenking og programmering i matematikkfaget på 15 studiepoeng. Tilbodet er finansiert med kursavgift.

Oppgåvene inkluderer medansvar for gjennomføringa av samlings- og nettbasert undervisning, fagleg oppfølging av studentar, eksamensarbeid og emneevaluering for kursa i samarbeid med instituttets fagdidaktikarar.

For Matematikk for lærarar i ungdomsskole og vidaregåande skole vil dette omfatte 4 samlingar à tre dagar kvart semester (to parallelle parti) og ei forkunnskapssamling i året. «Algoritmisk tenkning og programmering i matematikkfaget» har 6 samlingar à to dagar i løpet av året.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha mastergrad eller tilsvarande relevant kompetanse innan matematikk eller matematikkdidaktikk.
  • Kompetanse innan programmering (blokkprogrammering og Python) er eit krav.
  • Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing er eit krav.
  • Grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning er eit krav.
  • Brei erfaring frå utforming og undervisning av etter- og vidareutdanningskurs er eit krav.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som universitetslektor etter lønssteg 60-66 (kode 1009) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 535 200–597 000 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • liste over eventuelle relevante publikasjonar
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga.
  • dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Christoph Kirfel, Matematisk institutt, christoph.kirfel@uib.no / tlf. 55 58 48 73 eller til
  • Instituttleiar Antonella Zanna Munthe-Kaas, antonella.zanna@uib.no / 55 58 48 57

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om det.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS