Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Kontorsjef
Ved Det medisinske fakultet, er det ledig ei fast stilling som kontorsjef (100%) for tverrfaglege aktiviteter tilknytt det strategiske satsingsområdet Globale samfunnsutfordringer. Det er ynskjeleg med snarleg tilsetting.
Globale samfunnsutfordringar er eit av tre strategiske hovudsatsingsområder ved Universitetet i Bergen, fram mot 2022. Satsinga er forankra ved Det medisinske fakultet. Stillinga er sentral i satsinga og skal bidra til å tilrettelegging for støttefunksjonar for relevante fagmiljø på tvers av fakultetsgrensene. Faglege hovudtema i den strategiske satsinga er migrasjon, helse og ulikheit.
Arbeidsoppgåver:
Personalansvar for dei administrativt tilsette ved den strategiske satsninga Globale samfunnsutfordringar
Planlegging, koordinering og administrativ oppfølging av aktuelle oppgåver for satsinga, til dømes Bergen Summer Research School og Bergen Global.
Saksbehandlings, utviklings- og utgreiingsoppgåver og arrangement i samhandling med strategigruppa for satsinga
Delta i strategiarbeid og utvikling av administrasjonen i satsinga
Økonomioversikt
Sekretær for strategigruppa
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga. Meir informasjon om satsinga Globale samfunnsutfordringar finn ein på: https://www.uib.no/samfunnsutfordringer
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha utdanning på mastergradsnivå, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved lang relevant praksis og etter- og vidareutdanning.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk og engelsk er eit krav
Leiarerfaring er ein føremon
Relevant administrativ erfaring frå UH-sektoren er ein føremon
Kjennskap til UH-sektorens digitale reidskap er ein føremon
Efaring med administrativ støtte i søknadsarbeid med ekstern finansiering er ein føremon
Erfaring med internasjonalt arbeid er ein føremon
Vi søkjer ein person som
er strukturert og har gode planleggingsevner
har god evne til å involvere og motivere medarbeidare
har stor grad av sjølvstende og er løysingsorientert
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
har god evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
likar å jobbe med og har erfaring med internasjonale kontaktar
likar å jobbe i eit miljø med stort spenn i arbeidsoppgåver
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Lønssteg 62-70 (for tida kr 552 800 – 640 200). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.