LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Studiesjef (seksjonssjef) ved Det humanistiske fakultet

Søknadsfrist: 14.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Studiesjef (seksjonssjef) ved Det humanistiske fakultet

Er du motivert for å vere ei leiande drivkraft ved eit ambisiøst fakultet?

Det humanistiske fakultet søkjer ein initiativrik og utviklingsorientert leiar for seksjon for studiar og forskarutdanning som evnar å arbeide fokusert og målretta i spennet frå det strategiske til det operative. Stillinga er ledig frå 01.09.2024.

Som studiesjef vil du jobbe med utdanningstilbodet innan humanistiske fag frå bachelor- til og med ph.d.-nivået i eit spennande og utviklande miljø. Fakultetsdirektøren vil vere næraste overordna og du vil inngå i den administrative leiargruppa på fakultetet og samarbeide tett med den faglege leiinga.

Studiesjefen har ansvar for koordinering og samordning av utdanningsfeltet på tvers av institutta, mellom anna lektorutdanning, forskarutdanning, internasjonalisering, studiekvalitet informasjons- og rettleiingstenester og studentrekruttering. Seksjonen har ei pådrivarrolle for studieadministrativt utviklingsarbeid for heile fakultetet og ei rekke sekretariatfunksjonar for ulike styrer og utval.

For meir informasjon om fakultetets ambisjonar sjå vår strategi: Strategi for HF 2023–2030 | Det humanistiske fakultet | UiB og om våre studieprogram sjå Det humanistiske fakultet | Universitetet i Bergen (uib.no).

Sentrale oppgåver:

  • Dagleg drift og tilrettelegging for effektiv og kvalitetssikra sakshandsaming innanfor ansvarsfelta.
  • Personal- og arbeidsleiing for medarbeidarane i seksjonen.
  • Resultatansvar for det studieadministrative feltet og forskarutdanninga.
  • Samordne dei studieadministrative funksjonane ved fakultetet og institutta.
  • Sikre godt samarbeid på tvers av organisasjonen og i forhold til studieadministrativ leiing ved UiB.
  • Samordne drift av forskarutdanninga ved fakultetet og institutta.
  • Prosjektleiing, koordinering, utgreiings- og utviklingsoppgåver, strategi- og planarbeid.
  • Strategisk utvikling av utdanningskvalitet og fakultetet sitt studietilbod i tett samråd med fagleg leiing.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant leiarpraksis og utdanning på masternivå.
  • God kjennskap til offentleg forvaltning og universitets- og høgskulesystemet.
  • Erfaring frå studieadministrasjon og større utgreiingsoppgåver.
  • Gode kunnskapar i norsk og engelsk skriftleg og munnleg.
  • God formidlingsevne.
  • Gode digitale kunnskapar.

Personlege eigenskapar:

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. 

Vi ønskjer ein leiar som har:

  • Ein motiverande leiarstil prega av gode samarbeidsevner og dialog.
  • God organisasjonsforståing og evne til å tenkje heilskapleg og strategisk.
  • Evne til å ta initiativ, stimulere til endringar, finne løysingar og skape engasjement.
  • Evne til å leie prosessar med fokus på mål, framdrift og resultat.
  • Evne til å skape eit godt samspel på tvers av faglege og organisatoriske grenser.
  • Stor arbeidskapasitet med ein effektiv, strukturert og kvalitetsbevisst arbeidsstil.

Vi tilbyr:

  • Utviklande leiaroppgåver og godt handlingsrom.
  • Kompetanseutvikling og leiarprogram.
  • Eit aktivt, godt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Dyktige kollegaer.
  • Løn som seksjonssjef tilsvarande lønssteg 74-79 (kode 1211) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida kr. 745 000-845 900,- i full stilling før skatt per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Fleksitid og gode velferdsordningar. Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: Hva kan universitetet tilby sine medarbeidere? | Ansattsider | UiB

Generell informasjon:

Du kan få utfyllande opplysningar om stillinga ved å ta kontakt med:

  • Fakultetsdirektør Kim Ove Hommen på telefon 55 58 93 41, eller ved epost kim.hommen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS