Direktør ved Bjerknessenteret for klimaforsking - åremålsstilling
Søknadsfrist: 06.02.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Direktør ved Bjerknessenteret for klimaforsking - åremålsstilling
Å forstå klima til nytte for samfunnet.
Vil du vera med å forme framtida? Vi leitar etter deg som er ein samlande og framtidsretta leiar, med stor fagleg tyngde og gode leiareigenskapar.
Direktør ved Bjerknessenteret for klimaforsking - åremålsstilling
Ved Bjerknessenteret for klimaforsking er det frå 1. august 2025 -31. juli 2029 ledig ei åremålsstilling som direktør for fire år.
Om Bjerknessenteret
Bjerknessenteret er eit av Europas fremste miljø på klimaforsking, med omlag 300 forskarar frå 47 land fordelt på dei fire partnarinstitusjonane. På Bjerknessenteret har vi i snart 25 år forska på klima i fortida, nåtida og framtida. Våre forskarar jobbar tverrfagleg saman med fagbakgrunn blant anna innan meteorologi, oseanografi, geologi, geofysikk, biologi og matematikk.
Vi bidreg til oppbygging av klimakunnskap og kompetanse i samfunnet gjennom å omsetje og formidle klimaforsking, og utdanne og rekruttere kandidatar til forsking, forvaltning og næringsliv. Senteret er eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet, Nansensenteret, NORCE og Universitetet i Bergen.
Direktøren er den faglege leiaren av senteret, og er bindeleddet til Bjerknessenteret sitt styre. Bjerknessenteret er administrativt tilknyttet Fakultet for naturvitenskap og teknologi ved Universitetet i Bergen, og direktør er personalmessig underlagt dekan ved fakultetet.
Nærare opplysningar om Bjerknessenteret finn du på senteret si heimeside.
Arbeidsoppgåver:
Direktøren har det overordna ansvaret og skal utøve god fagleg leiing og koordinere den samla faglege og administrative verksemda ved senteret.
Direktøren skal aktivt delta i utviklinga og implementeringa av senteret sine strategiske mål.
Direktøren skal saman med forskarane løfte fram sentrale forskingsresultat frå senteret og bidra i det offentlege ordskifte på klimafeltet.
Direktøren skal kunne stimulere og styrke samarbeidet med forskarar og forskingsgrupper nasjonalt og internasjonalt, og med samarbeidspartnarar internt og eksternt. Ei viktig oppgåve er å representere senteret i faglege og andre samanhengar.
Direktøren leiar senteret si leiargruppe beståande av forskingstemaleiare og representantar frå partnarinstitusjonar, og skal rapportere til styret og disponere budsjettet i samhøve med styret sine prioriteringar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi søker ein direktør som har:
evne til og interesse av å leie eit stort internasjonalt forskingsmiljø i vekst
evne og vilje til å utvikle og iverksette strategi for senteret
evne og interesse av å formidle forskingsresultat og ta del i det norske offentlege ordskiftet
god innsikt i og erfaring frå den norske forskingssektoren med gode nettverk innan senteret sine verksemdsområde
erfaring med forskingsleiing og leiing av kompetanseorganisasjonar
og som
er ein anerkjend forskar, innan eit relevant naturvitskapeleg fagområde
har gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar (eventuelt eit anna skandinavisk språk). Videre må den som vert tilsett meistre engelsk som arbeidsspråk.
I tillegg vert det lagt vekt på
gode samarbeidsevner på tvers av fag og organisasjonar
gode kommunikasjonsevner og evne til å bygge nettverk og skape tillit både internt og eksternt
ein motiverande og inkluderande leiaråtferd som stimulerer til gode resultat og eit godt arbeidsmiljø
god forståing for rammeverket og vilkår for offentleg finansiert verksemd
dokumentert høg grad av evne til gjennomføring
Det vert lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg stimulerande internasjonalt fagmiljø
løn etter avtale (stillinga er plassert i kode 1475 Instituttleiar).
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ein kvar tid gjeld for stillinga.
Ved utløpet av kvar åremålsperiode skal stillinga kunngjerast offentleg. Ingen kan tilsetjast samanhengande i same stilling i meir enn to åremålsperiodar.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.